Hopp til innhold

Meiner ulven ikkje burde ha blitt skoten

Fleire natur- og rovdyrorganisasjonar meiner det var ein tabbe å drepe ulven som vandra til Sykkylven for ein månad sidan.

Arnodd Håpnes

Leiar for naturmangfald i Naturvernforbundet, Arnodd Håpnes, forstår at det er ønskeleg å skyte ein ulv som har drepe sauer, men skulle helst sett at DNA vart sjekka før avgjersla vart teken.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Ulv skutt Sykkylven

Ulven, som hadde vandra 60 mil i luftlinje frå Sør-Sverige, vart skoten i Sykkylven 5. juni.

Foto: Robert Kvam

Spørsmålet om ulven skal få leve eller ei, er eit tema som engasjerer. I Møre og Romsdal var debatten ekstra frisk i månadsskiftet mai/juni, då ein ung hannulv dukka opp i Sykkylven.

Etter to veker med intensiv jakt, vart ulven skoten ved Sessvatnet. Onsdag kom det fram at ulven hadde viktige genar frå Tiveden-reviret i Sverige. Dermed stilte somme seg spørsmålet om ulven i det heile teke burde ha blitt skoten.

Tilbakemeldingane har ikkje latt vente på seg:

– Spolerte sjansen

Anne Margrethe Vedder

Anne Margrethe Vedder i Aksjonen Rovviltets Røst meiner ein bør ha avklart om ein ulv er verdifull eller ikkje, før han eventuelt vert skoten.

Foto: Rovviltets Røst

Anne Margrethe Vedder i Aksjonen Rovviltets Røst peikar på at hannulven i Sykkylven var den andre av totalt fire kvalpar i same ulvekull som har blitt skoten.

– Det er ei stor skam korleis Noreg praktiserer forvaltninga av ulvestammen vår. Her hadde vi ein gyllen moglegheit til for å få litt friskt blod inn i ulvestammen, noko vi spolerte. Det er framleis nokre få kvalpar igjen frå dette reviret, ikkje la oss spolere sjansane deira også.

– Må sjekke DNA først

Arnodd Håpnes, som er fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet meiner ein bør sjekke DNA før ein skyt ein ulv utan vidare om og men:

– Denne ulven tok ein del sau, og vi aksepterer skadefelling når det oppstår akutte og store skadar. Men DNA må sjekkast først, viss ikkje gjer miljøforvaltninga fleire slike store tabbar som dei har gjort på Sunnmøre. Det er dårleg naturforvaltning, seier han.

– Blir skote for mange ulvar

Håpnes hevdar at det blir skote for mange ulvar, og at det blir ekstra kritisk når dei genetisk viktigaste dyra også vert skotne.

– Allereie er heile 12 ulvar skotne så langt i år i Noreg. Det er alt for mange av ein svært liten og genetisk innavla bestand. Dette meiner vi er i strid med lova som seier at alle artar i Noreg skal forvaltast slik at dei sikrar langsiktig overleving i norsk natur. Det gjelder også ulv, sjølv om han tek nokre sauer innimellom, seier fagleiaren.

– Ikkje skyt, men flytt ulven

Ifølgje leiar Lars-Erik Lie i Bygdefolk for rovdyr, var det tidlegare vanleg å ta DNA-prøver for å vere sikker på at det ikkje var genetisk viktige ulvar som skulle skytast.

– På den måten kunne ein setje inn tiltak som flytting av individet. Dette blir ikkje gjort av nokon ulv som vert skoten no, etter at regjeringa tillèt eit mykje hurtigare uttak av ulv, der det ikkje vert undersøkt på førehand om det er ein genetisk viktig ulv, seier Lie.



SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL