NRK Meny
Normal

– Ta i bruk gasskraftverket om det blir kraftmangel

Arbeidet med den nye kraftlina mellom Ørskog og Sogndal blir forseinka. Om byggestansen blir langvarig kan det bli kraftmangel.

Bernhard Riksfjord

Bernhard Riksfjord er ordførar i Aukra og leiar i Gassknutepunkt Nyhamna.

Foto: NRK

På Nyhamna i Aukra står det eit gasskraftverk i beredskap. Ifølgje retningslinene skal det berre brukast når det er alvorleg kraftmangel. No tek ordførar i Aukra, Bernhard Riksfjord, til orde for å ta i bruk reservegasskraftverket om det tek lang tid før den nye kraftlina blir ferdigstilt.

– Alle skjønar at vi treng store mengder med energi. Vi har aluminiumsverket i Sunndal, vi har Hustadmarmor, Ormen Lange og Aasta Hansteen-feltet. Og vi må finne på noko før den nye kraftlinja er ferdig, seier Riksfjord til NRK.

Den nye kraftlina skal føre elektrisk kraft frå Vestlandet til Møre og Romsdal. Men arbeidet i Sogn og Fjordane har stoppa som følgje av ein dom som seier at trasévalet gjennom Myklebustdalen i Bremanger er gjort på feil grunnlag.

Stansen i arbeidet med kraftlina kan føre til at Midt-Noreg kan få den dyraste straumen i heile Norden.

Gasskraftverket på Nyhamna

Dette gasskraftverket har stått på Nyhamna sidan 2009. Men på grunn av forureininga frå verket kan det ikkje brukast utan særskilt løyve.

Foto: Statnett

Ifølgje Statnett vert det meir og meir sannsynleg at reservegasskraftverket blir teke i bruk etter kvart som spriket mellom tilgang og behov for kraft aukar.

– Forbruket aukar i 2016. I tørre år med låg magasinfylling vil dette auke sannsynlegheita for at reservekraftverket må takast i bruk, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson.

Etter planen skulle den nye kraftlina stå ferdig i 2016. Framleis er det uvisst kor mykje lina blir forseinka. I løpet av 2016 kjem det ein kraftig auke i kraftbehovet i Møre og Romsdal. Då er nemleg utbygginga på Nyhamna ferdig.

– Vi kan ikkje seie at det er krise samstundes som vi har eit gasskraftverk ståande. Det ville vere det same som at vi ikkje vil ta i bruk dei verkemidla som ligg til rette, seier Riksfjord.

Det er Statnett som eig reservegasskraftverket i Aukra. Det er på 150 MW, og blei bygt i 2009 for å hindre kraftmangel i Midt-Noreg. CO2-utsleppet er på 2450 tonn kvart døgn. Dette er årsaka til at Statnett må søkje Olje- og energidepartementet om å få lov til å bruke det.