– Rister på hovudet over Listhaug

Ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard, reagerer kraftig på at det nye eldreombodet blir lagt til Ålesund. På vegne av regjeringa lanserte eldreminister Sylvi Listhaug i dag nyheita om eit eldreombod, og Neergaard seier han ristar på hovudet over plasseringa. Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare bedt om eit slikt ombod blir lagt til Kristiansund. Neergaard seier det er arrogant å hoppe over den klare tilrådinga frå sitt eige fylke.

Kjell Neergaard
Foto: Eirik Haukenes / NRK