– Dette blir vanskeleg

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag ein plan som inneber nedskjeringar tilsvarande 130 årsverk.

– Dette blir svært vanskeleg, sa administrerande direktør Nils Kvernmo, og la til at nedskjeringane må gjennomførast for å få drifta i føretaket i samsvar med budsjetta.

Kvernmo presiserte at forslaget inneber ei nedbemanning.

–– Tidsfristane handlar om å identifisere tiltaka, gjennomføringa skal skje i samsvar med lov og reglane i arbeidslivet, sa styreleiar Ingve Theodorsen.

Tilsettrepresentant Annette Lekve la fram eit forslag om at det skulle gjennomførast analysar i forkant av kuttarbeidet. Dette forslaget fekk ikkje fleirtal.

Styremøte Helse Møre og Romsdal
Foto: Terje Reite / NRK