Hopp til innhold

– Skjønte straks at «Sucker Punch» blei ein stor låt

Sigrid er på nytt på veg inn på dei internasjonale hitlistene. Låta «Sucker Punch» blei lansert på BBC Radio1 torsdag kveld. Låta har alt fått terningkast 5 både frå NRK og VG.

Sigrid Solbakk Raabe

Låta Sucker Punch er opptakta til albumet som Sigrid Solbakk Raabe arbeider med. Det store albumet er under vegs, men det er enno ikkje sett nokon dato for lanseringa.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

«Sucker Punch» blei lansert i BBC Radio1-programmet Hottest Record in the World torsdag kveld. Det var ei ivrig sprudlande Sigrid Solbakk Raabe som kunne presentere låta for aller første gang.

– Dette er aller, aller første gong nokon høyrer den ferdige låta. Dette er ei hundre prosent premiere, sa Sigrid før dei første basstonane strøymde ut gjennom høgtalarane.

Sucker Punch blei lansert torsdag kveld i programmet Hottest Record of the world på BBC Radio1.

– Dette måtte bli singelen

I programmet kunne Sigrid Solbakk Raabe avsløre at «Sucker Punch» er det første steget på vegen til eit album som skal lanserast om ikkje lenge. Datoen er ikkje sett, men teamet arbeider med det. No ligg fokuset på låta «Sucker Punch».

– Eg skjønte straks at «Sucker Punch» var ein stor låt. Eg har kjent det på meg. Det er farleg å seie, for det kan innebere eit ekstra press. Men du veit, når du har ein song som du blir så stolt av, og vi har fått til dette refrenget, då er det berre å slå fast: Dette måtte bli den nye singelen, sa Sigrid til Annie Mac i programmet Hottest Record in the world.

– Blei skapt på Sunnmøre

I programmet legg Sigrid slett ikkje skul på kor mykje moro ho og teamet har hatt under produksjonen i Ocean Sound Recordings på Giske på sunnmørskysten. Dette skin også gjennom i ein video ho har publisert i sosiale medium.

– Dette har eg vore spent på lenge. Sangen blei laga i musikkstudioet Ocean Sound Recording på Giske ved heimbyen min Ålesund, fortel ho i ein video ho på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Vi har aldri spelt denne låta live. Den er heilt ny. Og eg vonar de likar dette, seier ho.

Terningkast 5

VG sin anmeldar Kim Klev gjev Sigrids «Sucker Punch» terningkast fem og fyller på med strålande kritikkar.

Den mest fremoverlente i bunken så langt. Refrenget låter større enn selve livet.

Kim Klev, VG

Klev meiner at «jøye meg»- augneblinken kjem to og eit halvt minutt ut i låta, der Sigrid skrik lungene av seg.

NRK P3 sin anmeldar, Marit Johansen slår fast at Sigrid framleis er Noregs fremste pophåp. Terningen viser fem prikkar også hos NRK. Sigrid utfordrar ikkje berre seg sjølv, men også lyttarane, skriv Johansen.

Sukk, hva skulle vi gjort uten Sigrid?

Marit Johansen, NRK P3
Laster Twitter-innhold

– Uventa lukke

Uttrykket «sucker punch» betyr rett og slett eit uventa slag, eit slag ut av ingen ting og utan forvarsel. Det er brukt både i boksesporten og i overført betydning.

– Låta handlar om å vere lukkeleg. Tittelen «Sucker Punch» spelar på det som skjer når du opplever ei uventa lukke som kjem ut av ingenting. Den treff deg og kan slå deg i bakken og du vil oppsøkje den gong etter gong. Det er det det heile handlar om, skrattar Sigrid i BBC.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL