NRK Møre og Romsdal – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Pasientar får behandling heime

    Eit tilbod i regi av Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund, skal gjere det lettare for ein del pasientar å få trygg behandling heime og dermed unngå lange opphald på sjukehus. Prosjektet Hospital@home er eit resultat av eit bredt samarbeid om moderne velferdsteknologi. – Vi ønsker at folk skal få behandling i sofaen sin, seier ordføraren i Kristiansund Kjell Neergaard (Ap). Han meiner dette er ein del av framtida sine løysingar.

    Kjell Neergaard
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Flest fristbrot

    Sjukehusa i Møre og Romsdal bryt framleis behandlingsfristane i langt større grad enn sjukehusa i resten av Midt-Noreg. Det viser eit oversyn som blir presentert for styret i Helse Midt-Noreg komande torsdag. Føretaket melder at dei arbeider med fleire tiltak som skal redusere fristbrota. I barne- og ungdomspsykiatrien skal dei mellom anna gjennomgå arbeidsprosessane i alle dei fire poliklinikkane. Dessutan skal arbeidsplanane for legane i føretaket gjennomgåast.

    Samla tal på fristbrot
    Foto: Helse Midt-Noreg
  • Forsterka satsing på språk

    Kommunane Molde og Nesset er blant 17 norske kommunar som får forsterka satsing på språk i skular og barnehagar. På landsplan skal det brukast 17 millionar kroner til å kjøpe fri ressurslærarar og å etablere og drifte faglege nettverk. Kommunane er valde mellom anna på bakgrunn av resultat frå nasjonale prøver, elevundersøking og statistikkar.

  • Nettradio: Direkte fotball

    I Eliteserien møter Kristiansund Bodø/Glimt klokka 18.00 og Molde møter Vålerenga klokka 20.00.

    I 1.divisjon møter Aalesund Tromsdalen klokka 18.00.

Distriktsnyheter fra Møre og Romsdal.
Radiosendinger fra Møre og Romsdal

Video