Hopp til innhold

949 melde seg ut av kyrkja i august

Nesten 950 personar frå fylket har meldt seg ut av Den norske kyrkja etter at elektronisk utmelding blei lansert i august.

Hareid kirke

Mange har meldt seg ut av kyrkja etter at det blei mogleg å melde seg ut på nett.

Foto: Synnøve Heggstad / NRK

Det viser nye tal frå Den norske kyrkja. Den store auken skuldast truleg at det frå august blei mogleg å melde seg ut av kyrkja via nettet.

41 personar frå fylket melde seg inn og 949 melde seg ut av kyrkja i løpet av august. Til samanlikning melde 5 personar seg inn og 31 seg ut i juli. Totalt i år har 81 personar meldt seg inn og 1362 ut av kyrkja her i fylket.

På landsbasis var det 1272 innmeldingar og 25743 utmeldingar i løpet av august.

Elektronisk utmelding

Tidlegare har medlemmer av kyrkja sjølv vore nøydde til å ta kontakt med det lokale kyrkjelydskontoret for å melde seg ut.

Den nye nettbaserte løysinga som blei lansert i august gjorde det mogleg for personar å umiddelbart finne ut om dei var registrerte som medlem eller ikkje i kyrkja.