Hopp til innhold

8,7 millionar til taredyrking

Møre Maritime AS i Kristiansund får 8,7 millionar kroner i støtte frå Forskningsrådet for å utvikle farty og teknologi for taredyrking.

Taretråler frå Møre Maritime

Møre Maritime AS i Kristiansund som mål å bli ein leiande utstyrsleverandør til tarenæringa.

Foto: Møre Maritime

– Dette er eit veldig spanande prosjekt. Tare kan bli stort i den nye norske havøkonomien, seier nærings- og fiskeriminister Per Sandberg (FrP) i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa lanserte i vår ei eiga havteknologisatsing i regi av Forskningsrådet for å stimulere til samarbeid på tvers av dei havbaserte næringane.

No dryp det pengar på Møre Maritime AS i Kristiansund. Med sine 14 tilsette har dei som mål å bli ein leiande utstyrsleverandør til tarenæringa, seier dagleg leiar, Svein Knudtzon Waagbø.

– Pengane skal brukast til å etablere det første reindyrka fartykonseptet for industriell taredyrking i verda.

Nye løysingar innan tre år

Med seg på laget har Møre Maritime AS ei rekkje leverandørbedrifter med ulik teknologikompetanse og forskingspartnarar frå Sintef Fiskeri og havbruk og NTNU. Waagbø trur han kan ha nye løysingar på plass i løpet av tre år.

Per Sandberg

Nærings- og fiskeriminister Per Sandberg trur tare kan bli stort i den nye norske havøkonomien.

Foto: NFD

Møre Maritime AS

Støtta frå Forskningsrådet skal Møre Maritime AS brukast til å etablere det første reindyrka fartykonseptet for industriell taredyrking i verda.

Foto: Møre Maritime AS
Dei store forventingane knytt til auka produksjon av tang og tare i Noreg, opnar nye moglegheiter for norsk leverandørindustri. I samarbeid med teknologibedrifter innanfor fiskeri, havbruk, landbruk og offshorenæringa vil Møre Maritim utvikle farty, teknologi og utrusting for å handtere industriell produksjon, hausting og lagring av tare.

Fiskeriminister Per Sandberg seier Noreg har dei beste føresetnadar for å legge til rette for vekst i havnæringane.

– Noreg har verdsleiande selskp, leiande forskingsmiljø og vi har store havområde med rike biologiske ressursar.

100 millionar til havteknologi

Prosjektet ved Møre Maritime er eitt av 12 prosjekt som no blir sett i gang, for Forskningsrådet har lyst ut 100 millionar kroner til havteknologiprosjekt på tvers av dei blå næringane.

– Målet med havteknologisatsinga er å mobilisere til kompetanse- og teknologioverføring på tvers av sektorer og få fram nye teknologiprosjekt, seier divisjonsdirektør Fridtjof Unander i Forskningsrådet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL