825 000 kroner til fylket

Kunnskapsdepartementet deler ut nærare 20 millionar kroner til skular landet rundt. Pengane skal gå til programmeringsutstyr som kan brukast i undervisninga. Møre og Romsdal fylkeskommune får 825 000 kroner. Dessutan får Vestnes kommune 50 000 kroner, Akademiet Vgs Ålesund AS 78 696 kroner og Akademiet Heltberg Toppidrettsgymnas Ålesund AS 16 945 kroner.