Hopp til innhold

81 millionar til idrettsanlegg

I dag tildelte kultur- og folkehelseutvalet 81,4 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal. Det er ein auke på om lag 6 millionar kroner frå 2017, og er ny rekordsum for Møre og Romsdal, skriv fylkeskommuna i ei pressemelding. Nokre av dei som har fått støtte er Ørsta fleirbrukshall, Spjelkavik idrettspark (Vikabakkane), snøproduksjonsanlegg i Surnadal alpinsenter og skytebane i Kristiansund.