Hopp til innhold

80 timar med bibellesing

Det norske bibelselskap er 200 år i år, og det var ei stor nasjonal feiring i Oslo i mai. Erhard Hermansen er hovudpastor ved Herøy frikyrkje. Han var med på markeringa i hovudstaden, og ønskte å gjere noko liknande i Fosnavåg. Det å lese Bibelen frå første til siste side er eitt av programma under Bibelfestivalen.

Bibelfestival i Herøy

Erhard Hermansen står i spissen for Bibelfestivalen i Herøy. Foto/redigering: Arne Flatin

Hermansen seier dei skal halde på i fem dagar med ulikt program. Klokka 11 i onsdag føremiddag starta maratonlesinga av Bibelen. Dei skal halde på til laurdag kveld i lokale i Fosnavåg sentrum.

Bibelfestival i Herøy

Bibelfestival i Herøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Under opninga var samlinga utandørs der 150 barneskuleelevar var med på markeringa. Hermansen las sjølv dei første kapitla før fleire av elevane fulgte opp. Det er ganske så mange personar som må til for å lese Bibelen, men det har vore rekna på det før, at det tek rundt 80 timar.

– Eit fokus på Bibelen meiner vi er viktig. Det er fleire Biblar enn folk her i landet og denne boka er bra å lese. Både historisk og alle dei viktige spørsmåla som vert tekne opp der.

Under Bibelfestivalen i Herøy vert det mellom anna også vist 10 ulike filmar på kinoen som er relaterte til Bibelen, og VG sin kjende filmmeldar Jon Selås kjem til å delta.

Edvard Hoem kjem også til å vere på plass der tema er Bibelen i eit samfunnsperspektiv.

Bibelfestival

Under opninga av Bibelfestivalen i Fosnavåg.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL