80 eldre og sjuke evakuerte etter brann

I Volda blei om lag 80 eldre og sjuke evakuerte etter at det begynte å brenne på omsorgssenteret tysdag kveld. Ingen skal vere skadde.

Brann Volda omsorgssenter
Foto: tipsar

Like før klokka 22.30 tysdag fekk politiet, helse og brannvesenet melding om at det hadde begynt å brenne frå eit teknisk rom på Volda omsorgssenter. Personalet starta dermed og evakuere dei 80 bebuarane.

Politiet opplyser seint tysdag kveld at brannen er sløkt og at dei om lag 80 eldre og sjuke blei evakuerte då brannen oppstod.

Like før klokka 23.00 fekk dei som bur på omsorgssenteret begynne å sleppe tilbake og ingen skal vere skadde.

– Brannvesenet melde tilbake til oss at dei fekk tidleg kontroll og fekk begynt å lufte ut, slik at dei evakuerte fekk dra tilbake til romma sine, seier operasjonsleiar John Bratland hos Sunnmøre politidistrikt onsdag morgon.

– Har alle dei evakuerte fått kommen tilbake til omsorgssenteret?

– Med dei opplysningane eg har, er det ingen som har måtte velje noko anna alternativ.

Politiet har gjort undersøkingar på staden etter brannen.

Ifølgje Bratland har dei ei meining om kva som kan ha starta brannen, men dei har ikkje konkludert med noko.

– Ut på dagen skal vi vurdere om det er behov for fleire undersøkingar.

Laster Twitter-innhold