NRK Meny

8 fekk førarkortet beslaglagt

Politiet har hatt trafikkontroll i 60-sona på Verma i Romsdalen. 32 fekk forenkla førelegg, medan 8 fekk førarkortet sitt beslaglagt. Høgaste fart var 106 km/t. – Dette er nedslåande, spesielt på denne tida av året. Trass i at det er litt mildare i vêret, så kan det framleis vere glatt enkelte stadar, så dette er rett og slett trist, seier Tor Magne Kalland, distriktsleiar for utrykkingspolitiet (UP) i Midt-Noreg. Han nemner at UP vil auke talet på fartskontrollar i 2018.

Tor Magne Kalland, distriktsleder UP
Foto: Morten Andersen/NRK