7,5 i minus for fylkeskommunen
Årsrekneskapen som fylkesrådmannen legg fram for fylkesutvalet i april viser at fylkeskommune gjekk 7,5 millionar kroner i underskot i fjor. – Fylkeskommunen brukte meir enn vi fekk inn i inntekter, og på sikt er ikkje dette berekraftig, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.