Hopp til innhold

77-åring greier ikkje å gi seg

77 år gamle Palmar Muren var innom Myklebust verft første gong rundt 1952 som konfirmant. Sjølv om han for lengst er pensjonist greier han ikkje å gi seg.

Myklebust er 100 år i år.

Håvard Gurskevik t.v. og Palmar Muren t.h. Førstnemnde tok over jobben ved dreiebenken då sistnemnde slutta ved maskinavdelinga, men Palmar arbeider framleis ved verftet som vakt. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Palmar Muren har mange tiår ved verftet i Gursken i Sande, men er likevel innom jobben.

– Miljøet er så godt at eg tek stadig vekk vakter her, seier 77-åringen.

Han manglar 23 år på å vere like gamal som jubilanten. Det er nemleg 100 år i år sidan Myklebust verft starta i det små. Oskar Myklebust heitte mannen som drog det heile i gang.

Nybygg på løpande band

I dag er verftet ein gigant i norsk målestokk. Som ein del av Kleven-gruppa har verftet levert nybygg på løpande band dei siste åra.

Skipsdåp Myklebust verft

Flaska heng klar til ny skipsdåp.

Foto: Arne Flatin / NRK

Skipsdåpane kjem tett, og i løpet av dei tre siste åra har Myklebust verft levert åtte nybygg. Seinast denne veka var det skipsdåp på seismikkskipet Polar Empress til GC Rieber.

Akkurat no ligg det tre nybygg ved kai, i tillegg til eit fartøy som var inne til sørvis.

Godt miljø

Palmar Muren viser oss veg til den gamle arbeidsplassen sin ved maskinavdelinga. Her har det kome nye dreiebenk sidan han var her, men så ny er no heller ikkje denne benken, flirer han.

Mannen som har tatt over jobben hans, Håvard Gurskevik, er minst like flink som han sjølv var, humrar Palmar.

Humøret er på topp for den spreke pensjonisten, og verftet er også sprekt. Denne dagen er det skipsdåp og mange prominente gjester i dress, skjørt og fine sko går side om side ved arbeidarane. Brassbandet spelar på øvre dekk i ly for det sure aprilregnet og konsernsjefen held tale på engelsk med smilet på lur.

Konsernsjef Ståle Rasmussen

Konsernsjef Ståle Rasmussen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ståle Rasmussen er nok stolt over det verfta Kleven og Myklebust har levert dei siste åra. Kleven Group har ein solid ordrereserve og har greidd å flytte arbeid heim til Noreg frå aust-Europa.

– Vi er eit verft for framtida, landets nest største verft og vi er optimistiske med tanke på framtida. Her er tradisjonar ved dette verftet, samtidig som det er innovasjon og nyvinningar. Vi driv med det nyaste av det nye i næringa.

– Det er viktig å forstå og kjenne historia til verftet for å bruke det i framtida, meiner konsernsjefen som sikkert håper på betre verforhold neste gong det er dåp ved verftet. Og det er ikkje så lenge til.