Hopp til innhold

75 nye studieplassar til Ålesund

Høgskuleleiinga i Ålesund jublar etter å ha fått 75 nye studieplassar.

Høgskolen i Ålesund

FÅR UTVIDE: Høgskolen i Ålesund får 75 nye studieplassar gjennom revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Høgskolen i Ålesund

Då revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram fredag vart det klart at regjeringa løyver pengar til 1390 ekstra studieplassar ved høgskular og universitet.

Av desse kjem 75 til Høgskulen i Ålesund, medan Høgskulen i Volda får 40 nye.

- Dette er eg strålande nøgd med, seier rektor Geirmund Oltedal ved Høgskulen i Ålesund. Han jublar etter at regjeringa no vil etablere 75 nye studieplassar i Ålesund.

- Får 60 studieplassar til helse

Løyvingane skulen har fått gjennom revidert nasjonalbudsjett er i overkant av det skulen ba om.

- Ja, det er faktisk det. Av og til får ein meir enn ein har vet til å be om.

Men behovet er stort, og Oltedal meiner løyvingane kjem godt med for høgskulen.

- Vi har fått 60 studieplassar knytt til helse. Det gir rom for å starte kreftsjukepleieutdanninga som vi ynskjer å kunne tilby. I tillegg har vi fått 15 innan teknologi.

- Startar opp att så fort som råd

Og nettopp utdanninga av kreftsjukepleiarar meiner rektoren er viktig. Fredag fortalde Tanja Alme som er leiar i forum for kreftsjukepleie om behovet for denne kompetansen.

- Vi har eit opplegg som vi har køyrt som vi kjem til å starte opp att så fort vi får det til, seier Oltedal.

Han meiner det var på tide at slike løyvingar kjem frå regjeringa til høgare utdanning.

- Dette er på høg tid, spesielt med bakgrunn i det Djupedal i si tid gjorde med det såkalla kvileskjeret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL