Hopp til innhold

75 mister jobben

Dei tilsette i PE Bjørdal i Ørsta vart i dag orienterte om at verksemda melde oppbod. Totalt er det 75 tilsette som vert råka av konkursen. Det skriv Møre-Nytt.

Styret i selskapet har opplyst til Møre-Nytt at dei har forsøkt å finne langsiktige løysingar, men at dei ikkje lukkast og at dei var i situasjonen no der dei var pliktige til å melde oppbod.

Bjørn Meek, dagleg leiar i PE Bjørdal, seier til NRK at det er bittert og tragisk at dei no er konkurs.

Hovudtillitsvald Kenneth Strand seier til NRK at dei tilsette er skuffa, men ikkje heilt overraska over konkursen.

– Dette er noko vi hadde frykta, men håpte ikkje ville skje. Det er ikkje ein kjekk situasjon.

Dei tilsette avslutta arbeidet på staden tidlegare i dag. Kva som skjer vidare er uvisst. I morgon skal dei møte med bustyraren og Nav for å diskutere prosessen vidare.

Strand seier at bedrifta framleis har kontraktar som ikkje er fullførte.

– No blir det opp til bustyraren å avgjere kva som skjer vidare og om vi skal fullføre nokon av desse.

PE Bjørdal i Ørsta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL