NRK Meny
Normal

70 nye studieplassar til fylket gjennom statsbudsjettet

I alt 70 nye studieplassar, eller 6,6 millionar kroner, blir løyvd til høgskulane i Møre og Romsdal. Ålesund kjem best ut med 40 nye plassar, medan Volda og Molde får 15 studieplassar kvar.

Marianne Synnes

Rektor ved Høgskulen i Ålesund, Marianne Synnes, er strålande fornøgd med løyvingane i Statsbudsjettet 2013.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi er strålande fornøgde. 40 nye studieplassar er meir enn venta.

Det seier rektor ved Høgskulen i Ålesund, Marianne Synnes. Gjennom statsbudsjettet får høgskulane i Møre og Romsdal 70 nye studieplassar.

– Vi fekk i tillegg 25 nye studieplassar i sommar gjennom det reviderte statsbudsjettet.

– Med 40 nye plassar no har vi fått 65 nye studieplassar totalt i år, jublar ho.

Synnes håper dei nye studieplassane gjer at Høgskulen kan starte opp to masterar.

– Behovet er der

Else-May Botten, som representerer Møre og Romsdal Arbeidarparti på Stortinget, er glad for løyvingar til studieplassar.

– Eg synest dette er kjempebra, for der er eit behov for ein auke. Det er bra trøkk, og skulane har sjølve etterspurt meir pengar.

Ho ser at Ålesund kjem spesielt bra ut.

– Fordelinga er rimeleg offensiv, spesielt opp mot Ålesund.

Else-May Botten

Else-May Botten (Ap) fortel at løyvingar til fleire studieplassar har vore etterspurt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Teknologisatsing for heile landet

I tillegg til 70 nye studieplassar får høgskulane i Møre og Romsdal også nyte godt av ei større teknologisatsing.

– Skulane får auke løyvingar til teknologiutstyr. Det er ei satsing i heile landet, fortel Botten til NRK.no.

– Er der eit veldig sterkt behov for denne satsinga?

– Ja, det er det. Eg trur ganske mange blir glade for denne meldinga. Slik oppfattar i alle fall eg det.

Det kjem derimot Høgskulen i Ålesund klart mest til gode.

I statsbudsjettet blir det løyvd ei eingongsløyving på 500.000 kroner til investeringar i vitskapleg utstyr til Høgskulen i Ålesund.

– Kjærkoment

Det gjer at rektor Marianne Synnes jublar enda høgare.

– Det gamle laboratoriebygget har blitt totalrenovert av Statsbygg. Ved årsskiftet skal vi flytte inn.

– Vi manglar alt frå møblar til teknologiutsty. For oss har det har vore ei økonomisk hovudpine om korleis vi skal få oppgradert laboratoriebygget, fortel Synnes.

Dermed gjev ekstra løyvingar eit lite pust i bakken.

– Dette vil gagne oss veldig. Det er kjærkoment at vi får pengar til å – i det minste – starte arbeidet.

For Høgskulen i Volda blir det i tillegg til studieplassane løyvd 806.000 kroner for å vidareføre satsinga på dei nye grunnskulelærarutdanningane.

Totalt blir det føreslått 174,6 millionar kroner til Høgskulen i Molde, 281,5 millionar kroner til Høgskulen i Volda, og 213 millionar til Høgskulen i Ålesund.