Hopp til innhold

70 år sidan dramatisk flyangrep

Klokka 14:26 fredag ettermiddag var det nøyaktig 70 år sidan australske jagarfly gjekk til åtak på tyske skip i Ørstafjorden. Dette vart markert ved minnebautaen ved Lianeset på same klokkeslett i dag, mellom anna av mannskap frå Heimevernet.

Australien soldiers are remembered in Ørsta in Norway 70 years after battle.

Australian soldiers are remembered.

Det var stor dramatikk i Ørsta 5. desember 1944 om ettermiddagen. Ein tysk konvoi kom innover fjorden. Det var tre tyske lasteskip og eitt norsk, eskortert av ein vaktbåt.

Brått vart området endra til eit inferno då jagarfly angreip i tre puljar.

Mange i bygda var vitne til dramatikken og difor står dette minnet framleis sterkt for folk i området ved Ørstafjorden.

HV-soldat med australsk flagg

HV-soldat Mari Saure Bogen med det australske flagget.

Foto: Arne Flatin / NRK

Eitt av flya vart nedskote og både piloten og navigatøren, begge frå Australia miste livet. Allereie året etter at krigen var over kom pårørande til Ørsta for å sjå staden der flyet gjekk i sjøen.

Det vart lagt ned blomster på minnebautaen

Det vart lagt ned blomster ved bautaen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Seinare har fleire etterkomarar besøkt minnestaden i Ørsta med jamne mellomrom.

På norsk og engelsk

Seremonien i dag vart leia av major Ove Røv (64), og han gjennomførte den både på norsk og engelsk av respekt for dei australske soldatane og deira etterkomarar.

Ove Røv fortel kvifor det er viktig å minnest 2.verdskrigen

Ove Røv fortel kvifor det er viktig å minnest 2. verdskrigen.

To kvinner og ein ung mann frå ungomdsheimevernet var og til stades saman med lensmannen i Ørsta, Guttorm Hagen og medlemmer frå Ørsta Rotary som har hatt ansvaret for å halde området i stand.

Det vart lagt ned blomster på minnestaden nøyaktig klokka 14:26 i ettermiddag på minuttet 70 år etter dei dramatiske hendingane i Ørstafjorden.

Sverre Hagen skreiv ein artikkel i lokalavisa i 2009 der han skildrar noko av det han opplevde den dramatiske dagen i 1944:

Angrep i Selbervika
Det eg hugsar best var fem av flya.
Dei angreip M/S Radbod i Selbervika,
for over Krøvelseidet og ned
Åmdalen. Etter nokre minutt fekk
luftvernet sikta seg inn. Det femte
flyet vart råka i høgre motor av eldgjeving
frå vaktbåten. Flyet sette
kursen mot denne og skaut heile tida
med sine 20 mm maskinkanonar.
Eg såg det heile der eg stod. Då
flyet passerte Nerhagen såg eg noko
kvitt bak utan å tenkje meir på
det, men noterte at høgre motor var
stansa. Flyet heldt fram mot vaktbåten
som skaut med begge luftvernkanonane
samstundes som dei
skaut frå Radbod. Like før flyet
nådde vaktbåten slo denne full fart
akterover. Høgre veng kolliderte
med fordekket og feia alt over
bord.

HV-ungdomane Silje Veronica Følsvik, Mari Sauge Bogen og Peter Bjørneset deltok på seremonien.

HV-ungdomane Silje Veronica Følsvik, Mari Sauge Bogen og Peter Bjørneset deltok på seremonien

Foto: Arne Flatin / NRK
Nokre få hadde tatt turen for å få med seg markeringa

Nokre få hadde tatt turen for å få med seg markeringa.

Foto: Arne Flatin / NRK