– Det har vore noko som har mangla. «Treet» er ein del av voldasjela, seier styreleiar i nye Tredet Kulturkafé, Jon Even Bjørdal.
Dei tidlegare eigarane gjekk konkurs då koronapandemien kom. Men inspirert av ein pub i Bergen, fekk Bjørdal og kompisgjengen ein idé.
– Tanken var at når ein likevel går ut, kan ein like gjerne gå ut til seg sjølv.
Jon Even Bjørdal er styreleiar i nye Tredet Kulturkafé. Han bygger benkar til det nyoppussa lokalet.
Foto: Elin Kristin Raudøy / NRKForpliktar seg til å gå dit
Dei laga ei Facebookside, og i løpet av eitt døgn var 40 andre med på planen om å gjere noko med den gamle puben.
No er dei 68, og endå fleire bankar på døra og vil vere med.
Nokre held til i Oslo og Sandefjord, og så har dei nokon i England og Belgia. Alle har to forpliktelsar, fortel styreleiaren.
– Det eine er å bruke staden. Og så må dei møte på generalforsamlinga.
Populært å vere gründer
Det har vorte meir populært at vennegjengar startar opp bedrifter i lag, spesielt blant unge, seier Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.
– Eg trur særleg ungdom syns at det å jobbe åleine som gründer er litt skummelt og litt tungt.
Ho ser på satsinga til vennegjengen i Volda som positiv, og seier at det at tilbodet handlar om kva innbyggarane sjølv treng og har lyst på, er eit godt utgangspunkt.
– Reiselivsbedriftene må vere like populære blant dei som bur i bygda, og dei som kjem på besøk.
Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, seier det har blitt meir populært at vennegjengar startar bedrifter i lag.
Foto: Håkon MosvoldTre tips til deg som vil starte for deg sjølv
NHO Reiseliv-direktøren har tre tips til andre som har lyst å starte eiga bedrift.
Lyst og motivasjon.
Devold seier det først og fremst er viktig å vere motivert. Og så er det lurt å tenkje over kven ein skal jobbe i lag med.
– Det er ikkje berre solskinsdagar, det kjem regnsværsdagar òg. Då er det lettare å løyse problem i lag med folk du stolar på.
Sosiale medium
Du må vere flink med sal. Og sosiale medium er ein veldig god måte å marknadsføre seg på. Det er også lurt å lage ei god nettside.
Ha orden i papira
Om ein skulle vere så uheldige å ikkje få det til, seier Devold at det er viktig å ha kontroll på kor mykje dei ulike aktørane eig. Slik at ein også veit korleis utgiftene skal fordelast.
– Det gjeld som i eit ekteskap. Mange tenkjer at ein skal elske kvarandre i evig tid, og så går ikkje det slik.
Opnar ikkje før Noreg opnar
På pressekonferansen til regjeringa i førre veke, vart det klart at trinn fire i gjenopninga av Noreg etter pandemien, er utsett.
Bjørdal og gjengen har satsa på opning i midten av august, men dei er klar på at dei ikkje opnar før landet gjer det.
– Når vi opnar skal vi gjere det skikkeleg.
Det gamle skiltet som hang over døra på utestaden er teke ned.
Foto: Elin Kristin Raudøy / NRKTrass i at fleire har prøvd tidlegare, er Bjørdal sikker på at dei no kjem til å lukkast.
– Utgangspunktet er ikkje at vi skal tene mykje pengar, men vi må gå i overskot. Det klarer vi, det er eg sikker på.