NRK Meny
Normal

6000 Canal Digital-kundar i heile ålesundsområdet var utan cup-sending

Omlag 6000 Canal Digital-kundar i heile ålesundsområdet klarte ikkje å følgje med på cup-sendinga etter at ein feil råka hovudsentralen i området. Feilen vart først retta like før klokka 16.

Feil på signala for Canal Digital-kundar
Foto: Anita Marø

Canal Digital-kundar i heile ålesundsområdet kan vere råka etter ein feil på hovudsentralen i området. Dermed fekk ingen av kabel-kundane sett cupfinalen mellom Molde og Odd søndag ettermiddag.

– Vi veit ikkje kor mange som er råka, men det er truleg alle kundane våre i området, seier pressesjef Catharina Kokkim i Canal Digital til NRK Møre og Romsdal klokka 14.

Rundt klokka 16 opplyser Kokkim at feilen skal vere retta.

- Vi beklagar at vi ikkje fekk til å rette feilen før kampen var over, seier ho.

Feilen skal ikkje ha råka parabolkundar, skriv ein sjåar til NRK søndag ettermiddag.

Feil på trafo skal vere årsaka

Klokka 14.45 meldte Canal Digital at feil på ein trafo hos Mørenett var årsaka til at hovudsentralen vart slått ut.

- Dei prøvar no å rette feilen, samstundes arbeider våre entreprenørar med å finne ei anna løysing, seier Kokkim.

Klagar frå publikum

Catharina Kokkim

Pressesjef Catharina Kokkim seier alle kundane i ålesundsområdet truleg er råka av feilen på ein hovudsender.

Foto: Telenor

Pressesjefen seier ein del har ringt inn og klaga på at dei ikkje får sett tv. Søndag ettermiddag spelte Molde og Odd cupfinale, og dermed var det mange som gjekk glipp av dette fotball-høgdepunktet.

- Vi ønskjer sjølvsagt ikkje at kundane våre skal vere ute under cupfinalen, ler ho oppgitt.

- Men det var spesielt godt tima?

- Ja, det er mogleg, det kan vi ikkje gjere noko med, seier ho.

Ålesund kommune melder søndag ettermiddag om straumbrot i delar av sentrum, og meiner utfallet av kabel-tv er ein følgje av dette.

Ifølgje Tafjord Kraft fekk dei fleste kundane igjen straumen klokka 14.40.