Den nye kraftlinja skal mellom anna sikre straumtilførselen til Aukra og Sunndal, og har ein prislapp på 2,5 til tre milliardar kroner.
Hovudårsakene til storsatsinga er auka behov for kraft til Aukra og Sunndal, samtidig som statnett vil legge til rette for ny vindkraftproduksjon på kysten av Midt-Noreg og Helgeland.
Tor Inge Akselsen
Utbygging av den nye kraftlina vil føre til naturinngrep langs heile den 600 kilometer lange strekninga, men kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen fryktar ikkje at dette vil føre til oppstyr i første omgang.
Målet til Statnett er at kraftlinja skal vere klar til bruk om 6-7 år. Mykje av tida vil gå med til å kome fram til avtalar med dei som vert råka av utbygginga.