Hopp til innhold

500 kroner billetten?

Det er enorm interesse for lokaloppgjeret Hødd-AaFK på Høddvoll laurdag 9. september.

Hødd 2006
Foto: Arne Flatin

Problemet er at Hødd ikkje får lov til å ta inn meir enn 3800 på tribunane. Under 1500 billettar er i fritt sal, sidan AaFK og lagets supporterklubb får 1200 og dei med sesongkort i Hødd og lagets sponsorar disponerer over 1000.

Svartebørs?
Hødd har ikkje spesielle tiltak for å hindre svartebørssal. Klubben undersøkjer likevel ekstra når enkeltpersonar vil ha meir enn ti billettar. Marknadssjef Sindre Eid seier Hødd ikkje har hatt problem med svartebørssal tidlegare og trur ikkje det blir noko problem no heller.

Stormen
Leiar i Stormen, Tom Walderhaug, meiner derimot at folk vil vere interesserte i å bla opp for å få plass på Høddvoll. -Stormen tar avstand frå svartebørssal, men eg trur likevel somme kan vere interesserte i å betale så mykje som 500 kroner for å få billett til lokaloppgjeret

Rigid Fotballforbund
Sindre Eid i Hødd er forundra over at Hødd har fått nei frå Norges Fotballforbund til å sette opp provisoriske tribunar. Han viser mellom anna til at AaFK fekk dispensasjon til å sleppe inn nærare 11000 på Kråmyra. Eid meiner at Høddvoll er langt meir eigna for å ta imot ekstra tilskodarar når interessa er der.

Oransje Høddvoll?
Tom Walderhaug i Stormen trur at langt fleire enn dei 1200 AaFK-tilhengarane som er sikra billett blir å finne på Høddvoll. -Vi kan ikkje sjå bort frå at Høddvoll blir farga oransje 9. september, slik dåverande Molde stadion blei i 2003 under det første tippeligaoppgjeret mellom Molde og AaFK i 2003. Hadde Høddvoll hatt plass, ville det ha blitt 10000 tilskodarar der under haustkampen mellom Hødd og AaFK, seier Walderhaug.