Hopp til innhold

50 har sagt opp avisa etter leveringskaos

Sjølv om leveringa av laurdagsaviser har betra seg, er det framleis mange som ikkje får avisene sine. Tidens Krav taper store pengar.

Ole Knut Alnæs

Sjefredaktør i Tidens Krav, Ole Knut Alnæs, seier at avisleveringa ikje er god nok, sjølv om det har blitt betre.

Foto: Roar Halten / NRK

To månader etter at Kvikkas tok over laurdagsdistribusjonen av mellom 70.000 og 80.000 aviser i distrikta, er det framleis ikkje alle abonnentane som får avisene i postkassa.

Sjefredaktør i Tidens Krav, Ole Knut Alnæs, seier at dei taper store inntekter fordi folk seier opp avisa. Hittil har dei mista over 50 abonnentar.

– Dersom vi ikkje får desse tilbake, kan du gonge det med ein årspris på over 3000 kroner. Då skjøner du at tapet er svært stort, seier Alnæs.

Meiner systemet ikkje er robust nok

I dagens Tidens Krav (krev innlogging) står det at det er fleire hundre som ikkje får avisa si laurdagane, og at problemet er størst i Aure og Tingvoll. Avisa sine eigne utrekningar viser at det var opp mot 20 prosent av abonnentane som ikkje fekk laurdagsavisa i desember.

Kvikkas vann anbodet frå Samferdselsdepartementet i konkurranse mot Posten. Dei siste vekene har det vore fleire møter mellom distributøren, avisbransjen og departementet.

Nordmørsredaktøren seier at situasjonen har betra seg, men er bekymra over at enkelte av abonnentane ikkje har fått ei einaste laurdagsavis dei siste to månadene.

Rune Sæbønes

Redaktør i Møre-Nytt, Rune Sæbønes, seier at det verkar som om avisleveringa har betra seg.

Foto: Møre-Nytt

Ser ei betring i Ørsta

Redaktøren i Møre-Nytt, Rune Sæbønes, fekk stor merksemd i november då han sjølv måtte ut i båt for å levere manglande aviser til nokre av abonnentane. Han seier at det verkar som leveringa har blitt betre.

– Sist laurdag gjekk det bra med postkasseleveringa, men det var manglar for dei som har postboksar, seier Sæbønes. Han gir ikkje opp trua på at distribusjonen skal fungere optimalt.

LES OGSÅ:

Postkassene er ikkje merka

Kristoffer Fausa

Marknadssjef i Kvikkas, Kristoffer Fausa, seier at problemet er samansett.

Foto: privat

Marknadssjef i i Kvikkas, Kristoffer Fausa, seier at utfordringa med avisdistribusjon omfattar heile avisbransjen, der Kvikkas berre er ein del av det. Etter at Posten si leveringsplikt på laurdagar forsvann, finansierer styresmaktene avisleveringa i distrikta. Avisene sine eigne bod og Kvikkas deler på jobben.

– Dette er eit nyansert bilete. Det har vore mykje uklarheiter i kva som er vårt dekningsområde. Ei anna utfordring er merking av postkassene. Det er heller ikkje alltid vi får korrekt tal på aviser eller får avisene til riktig tid, seier Fausa. Han seier at Kvikkas sjølv har hatt nokre utfordringar med boda sine, som ikkje har hatt stor nok lokalkunnskap. Over 14 har blitt skifta ut.

Forstår du at redaktørar er fortvilte over å miste abonnentar?

– Det forstår vi godt og synest det er beklageleg. Vi er opptekne av at vi må løyse utfordringa saman, seier Fausa.