Hopp til innhold

5.12:Advent «Der ingen skulle tru»

I luke nummer fem skal vi vitje Steinar Gaundal. Han bur på garden Gaundalen. Og det er langt til næraste nabo.

Gaundalen ligg tre veglause mil frå næraste nabo. Kva gjorde Steinar Gaundal for å redusere reisetida til butikk og postkontor?

Adventskalender. Oppgåve 5. desember

Garden Gaundal ligg tre veglause mil frå næraste nabo. Næraste tilkomst frå norsk side er å gå frå Imsdalen i Snåsa.

I programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» viser Oddgeir Bruaset korleis bonden korta ned avstanden til omverda.

Kva gjorde Steinar Gaundal for å redusere reisetida til butikk og postkontor?

Spørsmål 5. desember

No har vi trekt ut ein vinnar blant dei mange, mange hundre svara.

Vinnaren er: Gunvor Næss frå Orre.

I videoen her kan du sjå korleis Steinar Gaundal korta ned avstanden til omverda.

Han bygde veg bakom låven, kalla vegen flyplass, og flaug til Snåsa på eit kvarter. Heime opererte mora som flygeleiar.

Han bygde veg bakom låven, kalla vegen flyplass, og flaug til Snåsa på eit kvarter. Heime opererte mora som flygeleiar.

Svar på oppgåva 5. desember

Premien er eit eksklusivt krus som er laga på garden til Per Bjørvik i Aldal. Kruset er tidlegare berre delt ut til tidlegare deltakarar i programserien.

Du kan sjå alle episodane frå alle sesongane i «Der ingen skulle tru» i NRK.no sin Nett-TV.