Hopp til innhold

4G i sju nye kommuner - sjå lista her!

Møre og Romsdal står endeleg for tur når Netcom utvidar 4G-dekninga fredag. Det betyr lynrask mobilsurfing i elleve kommuner.

4G-dekning Telia Sonera

Kartet viser 4G-dekninga i raudt.

Foto: Telia Sonera

Eide, Vanylven, Skodje, Aure, Norddal, Sandøy og Halsa får 4G får Netcom for første gong.

Ålesund, Molde, Volda, Tingvoll, Midsund, Surnadal, Sykkylven, Stranda, Stordal, Gjemnes og Haram har hatt 4G-dekning frå før av, men har fått forbetra den eksisterande dekninga.

26 nye basestasjonar

Totalt 26 nye basestasjonar som sender ut 4G-signal har blitt skrudd på rundt om i fylket, skriv teleselskapet i ei pressemelding.

– Vi har teke høgde for tett busetnad og generell geografi når vi har planagt kor sendarane i kommunene skal stå, seier dekningsjef Tommy S. Johansen.

Også Telenor tilbyr 4G, men i færre kommunar:

Rask mobilsurfing

Med 4G kan ein surfe svært fort på telefonen. Det gjer det mogleg å sjå film, laste ned musikk og anna medan ein er på farten. Med 4G-nettet til Netcom kan ein få opp mot 80 Mbit i sekundet avhengig av kva for abonnement ein har.