Rykkte ut med 23 mann
Brannen blei meldt rett før klokka fem, og det blei straks slått full alarm, seier brannbefal Geir Thorsen. Det blei sendt ut ei bil og tankbil frå Molde i tillegg til ein frå Kleive. Til saman rykkte brannvesenet ut med 23 mann.
– Tragisk syn
Bygningen var allereie overtent då brannmannskapa kom fram etter kort tid. Dei visste då at det var ein god del dyr inne i bygningen.
– Det var eit tragisk syn som møtte oss. Det var lite vi kunne gjere for å berge dyra, seier Thorsen.
(Foto: Roar Strøm, NRK)
Bonden sjølv klarte berre å få ut ei ku før brannen tok overhand.
Måtte avlive
Nabo til Roaldset gard, Kurt Foss, fortel at dei straks gjekk i gang med å avlive dyr som stod på bås i den brennande bygningen.
– Tilstanden til dyra var desperat. Dei var heilt ville for å prøve å kome seg ut. Det var eit grusomt syn, seier Foss.
Reiv taket
Brannmanskap har i formiddag konsentrert seg om at brannen ikkje blussar opp igjen. Mellom anna måtte taket på driftsbygningen rivast.
Etterforskarane kan truleg ikkje gå inn i branntomta før tysdag, seier leiar ved etterforskingsavdelinga i Molde, Arild Angen.
(Foto: Roar Strøm, NRK)
(Foto: Roar Strøm, NRK)