NRK Meny
Normal

Skal ha trygla om hjelp sju gongar før 49-åring døydde

Kollegaene skal ha bedt gang etter gang etter hjelp då ein 49-åring døydde framfor dei. AMK får no skarp kritikk frå dei pårørande for at dei ikkje bad legekontoret to kilometer unna om å rykke ut.

Ålesund sjukehus

AMK-sentralen i Møre og Romsdal får skarp kritikk etter at ein mann døydde av hjarteinfarkt tidlegare i år. Dei pårørande meiner AMK burde skaffa lege tidlegare.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Då 49-åringen fall om på jobben tidlegare i år, var ikkje kollegaene seine med å slå alarm. Dei ringde 113 og fekk varsla om at mannen, som hadde hatt problem med hjartet tidlegare, truleg hadde fått eit hjarteinfarkt, og at han trong hjelp omgåande.

Lydloggen frå AMK-sentralen viser at kollegaen som snakka i telefonen gjentok minst sju gongar at det var alvorleg og hasta, og at han frykta hjelpa kom for seint.

Men først etter 45 minutt kom den første legen til staden. Då var sunnmørsmannen død.

Dei pårørande er svært kritiske til at 49-åringen ikkje fekk hjelp tidlegare, og ber no Fylkeslegen granske saka. Dei vurderer også å melde AMK-sentralen og det lokale legekontoret til politiet.

«– Ja, men du, då kan dette bli for seint dette her då. Dette her...»

Lydlogg frå AMK
Jens Richard Andersen

Advokat Jens Richard Andersen ber no Fylkeslegen granske kva som skjedde då ein 49-åring døydde av hjarteinfarkt på Sunnmøre. Dei pårørande vurderer også å gå til politiet.

Foto: Interjuris

– Vi kan ikkje garantere at utfallet hadde blitt annleis om legen kom til staden på halvparten av tida, men det er klart at responstida er viktig ved hjarteinfarkt, seier advokat Jens Richard Andersen, som representerer familien.

Skal ha bedt gjentekne gongar om hjelp

Ei utskrift av lydloggen viser at ein av kollegaene til 49-åringen slo alarm klokka 15.28.56. I løpet av dei første minutta påpeikte han at situasjonen var svært kritisk, spurte gjentekne gongar om hjelp og foreslo å sjølve køyre for å hente ein av legane på legekontoret to kilometer unna. Men utan resultat.

Ingen på det lokale legekontoret hadde vakt, og den næraste ambulansen var opptatt, og AMK gav difor etter kort tid beskjed om at dei forsøkte å få tak i ambulanse frå nabokommunen.

Ifølgje utskrift av lydloggen frå AMK blei dette oppfatta som fatalt, av kollegaene som alarmerte om situasjonen:

«– Ja, men du, då kan dette bli for seint dette her då. Dette her ...»

Ingen frå legekontoret rykte ut

Lydloggen viser også at AMK-operatøren tok kontakt med det lokale legekontoret, for å høyre om dei kunne rykke ut til mannen som no var medvitslaus og hadde brystsmerter.

Der var svaret negativt, og ifølgje loggen aksepterte operatøren svaret om at det var hektisk også der. Derfor blei ein brannmann med hjartestartar sendt til staden.

« Legekontor: Dette her er krise. Det er to legar og det ...

AMK: Ok, men då legg eg på, dersom det ikkje går, så då snakkar eg med brann.

Legekontor: Ja, gjer det. Fint. Hadet.»

Det er spesielt denne samtalen dei pårørande og advokaten er kritiske til. Dei hevdar at AMK-operatøren gav seg for lett.

Fylkeslegen opprettar sak

Fylkeslegen opprettar no sak mot AMK-sentralen og det lokale legekontoret på Sunnmøre, men fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier det er for tidleg å konkludere.

Helse Møre og Romsdal skriv i ein e-post at dei no går grundig gjennom saka, men ikkje kan kommentere hendinga. Heller ikkje legekontoret ønskjer å kommentere omstenda rundt dødsfallet.