Hopp til innhold

40 tilsette misser arbeidet

Bring Logistics Sunnmøre legg ned drifta. 40 tilsette må sjå seg om etter nytt arbeid.

Bring Logistics

Bring Logistics Sunnmøre ligg på Straumgjerde i Sykkylven.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Anlegget i Sykkylven skal ha hatt dårleg inntening over fleire år. No blir det gjennomført ei styrt avvikling, der anlegget blir lagt ned i månadsskiftet august/september.

Dette er skuffande. Bring er eit godt selskap og det er snakk om statlege arbeidsplassar. Og det er leitt at dei ikkje klarer å halde fram drifta i bygda vår, seier ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol til NRK.

– Vi er sårbare

Petter Lyshol

– Vi har tøffe tak og det er ikkje lett å skaffe nye arbeidsplassar, seier ordføraren.

Foto: Høgre

I ein arbeidsmarknad som Sykkylven, som er kjend for ein omfattande møbelindustri, er det å få 40 arbeidsledige ei stor utfordring.

Eg vonar kvar tilsett klarer å finne seg nytt arbeid. Men vi er ei bygd med sårbar industri, vi har tøffe tak og det er ikkje lett å skaffe nye arbeidsplassar, seier ordføraren.

Dårleg lønsemd

Det er Posten som eig Bring. Bring Logistics Sunnmøre er eit eige dotterselskap under Posten.

Selskapet i Sykkylven har hatt dårleg lønsemd over fleire år, seier Hilde Ebeltoft Skaugrud, pressesjef i Posten til NRK.

Pressesjefen seier at ho trur at også dei tilsette skjønar at Posten må gjere nokre grep.

Vi har hatt ein god dialog med fagforeiningane undervegs. Men det er alltid leit overfor gode medarbeidarar som har stått på for selskapet i mange år, seier ho.

– Så nedlegginga har ligge i korta ei tid?

Ja, det har nok det, seier Ebeltoft Skaugrud.

Møte med NAV

Hilde Ebeltoft-Skaugrud

– Selskapet i Sykkylven har hatt dårleg lønsemd over fleire år, seier Hilde Ebeltoft Skaugrud, pressesjef i Posten til NRK.

Foto: Nils Midtbøen / Pressefoto

Frå og med neste veke vil Posten gå inn i individuelle samtalar med dei tilsette. Der vil ein sjå på om det er råd å skaffe kvar einskild arbeid i Bring. Posten vil også yte hjelp i samband med søking på nye jobbar.

Det blir også arrangert to møte med NAV på Bring Logistics Sunnmøre, seier Ebeltoft Skaugrud.

Ordførar Petter Lyshol likte ikkje meldinga som kom i dag. No startar arbeidet med å skaffe folk arbeid.

Men eg har forstått det slik at selskapet har slite i motbakke. Dei har gjort mange forsøk på å betre situasjonen. Og vi har fått gode forklaringar på den situasjonen som har oppstått i selskapet. Dei har hatt store tap, og dei har ikkje klart å skaffe nok inntekter, seier Lyshol.