Personar som er smitta av hepatitt-C kan gå rundt med viruset utan å vite det. Difor ser ikkje Storås bort frå at nokon framleis går rundt med smitte utan å ha fått diagnosen. Viruset kan føre til gulsott, skrumplever og leverkreft. No startar arbeidet med å få kartlagt dei som kan vere smitta ved blodoverføring før 1993. Dette er eit arbeid som fastlegane og sjukehusa må ta seg av. Fylkeslegen ber difor dei som har fått blod om å teste seg for å få klarlagt om dei er smitta eller ikkje. Men mange av dei som vart smitta har no gått bort. Fleire av desse fekk blodoverføring i samband med annan sjukdom, som til dømes leukemi. Storås trur at denne saka kan ha svekka tilliten til helsevesenet. Han meiner at ein har vore flinke til å hindre vidare spreiing etter at viruset vart oppdaga. Men oppfølginga av dei som alle reie var smitta har vore for dårleg.
Stor pågang
Mange vart nok uroa etter å ha sett programmet Brennpunkt på NRK i går kveld. Det var der dei avslørte at 1.500 kan ha fått smitten ved blodoverføring. Sjukehusa i fylket har heilt sidan i dag tidleg hatt stor pågang frå folk som har fått blodoverføring. Mange seier at dei kjenner seg friske, men er usikre på om dei likevel kan vere smitta. Alle sjukehusa har testa sine blodgjevarar sidan tidleg på 90-talet. Dei meiner difor at dei ikkje har smitteberarar mellom dei som gir blod i dag. Men dersom nokon har fått blodoverføring før dei oppsøke fastlege for å teste om dei kan vere smitta.