Hopp til innhold

40 kan miste jobben i Kristiansund

Om lag 40 av dei totalt 90 tilsette ved Aker Solution i Kristiansund kan bli ramma av omstruktureringar i selskapet.

Aker Solutions Kristiansund

Dei 90 tilsette ved Aker Solutions i Kristiansund fekk den tunge beskjeden fredag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fredag kan nyheita om at 900 tilsette i Aker Solutions vert ramma når selskapet no skal omstrukturere verksemda. Dette gjeld faste stillingar i Stavanger, Bergen, Trondheim, Tromsø, Sandnessjøen og Kristiansund.

Nokre kan bli omplassert, medan andre stillingar vil forsvinne, enten ved naturleg avgang eller oppseiingar, opplyser selskapet.

Usikker framtid i Kristiansund

– Dagens situasjon gjer at vi dessverre er nøydd til å la flinke og gode kollegaer gå, og det kan gjelde inntil 900 av våre tilsette, seier Per Harald Kongelf, sjef i Aker Solutions Norge.

Fredag kom den dystre beskjeden frå hovudkontoret i Oslo. Dei 90 personane som jobbar ved avdelinga i Kristiansund vart informert om situasjonen på eit fellesmøte i dag.

Ingen tillitsvalde eller sjefar i Kristiansund ville la seg intervjue i dag, men Anne Cecilie Lund-Andersen, pressesjef i selskapet, stadfestar overfor NRK at det er om lag 40 av dei tilsette i Kristiansund som kan bli råka av denne nedbemanninga.

Må gjere endringar

Det er fallande investeringar på norsk sokkel og færre oppdrag frå oljeselskapa, som skal vere årsaka til nedbemanninga.

Per Magne Kongelf

Per Harald Kongelf, sjef i Aker Solutions Norge, seier det er nødvendig for selskapet å gjere endringar.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Det er innanfor områda vedlikehald, modifikasjonar og operasjonar (MMO) i Norge at selskapet ser eit tydeleg behov for å posisjonere verksemda og styrke konkurranseevna i eit marknad med store utfordringar.

– Det har vore eit svært krevjande marknad knytt til MMO, og vi har eit minst like krevjande år i vente, seier Kongelf.

Noregs-sjefen i Aker Solutions fortel at konklusjonen har vore klar.

– Skal vi sikre eit sterkt og slagkraftig Aker Solutions innanfor MMO på norsk sokkel så er vi nøydd til å justere kapasiteten vår, kutte kostnadar og reposisjonere selskapet, seier Kongelf.