Hopp til innhold

40 arbeidsplassar truleg berga

40 arbeidsplassar i Måndalen er truleg berga, og lageret vert likevel ikkje flytta.

Arnhild Rødal

Arnhild Rødal er lukkeleg for at ho får halde på jobben sin ved Wenaas AS i Måndalen.

Foto: Øyvind Sandnes

For omlag ein månad sidan vart det kjent at sentrallageret til hjørnesteinsbedrifta Wenaas i Måndalen kunne verte flytta til Austlandet, og 40 arbeidsplassar ville forsvinne.

No går dei tidlegare eigarane inn og vil overta lageret.

Wenaas i Måndalen.

Ved bedrifta Wenaas i Måndalen kan dei tilsette no senke skuldrane og sjå framover.

Foto: Øyvind Sandnes

Overlukkeleg over at ho får bli

Arnhild Rødal som arbeider i bedrifta er lukkeleg for at ho får halde på arbeidsplassen sin.

– For meg personleg betyr det alt, seier ho til NRK.

– Det er ikkje så enkelt å finne seg ny jobb i dag. Og for oss som har vore her i så mange år, ja, så er det dette vi kan, påpeikar Rødal.

Les også:

Utvider med 1000 kvadratmeter

Det var Lars Wenaas eller Amerika-Lars, som starta konfeksjonsfabrikken i Måndalen. Etterkomarar selte seg ut av verksemda, men vil no tilbake for å drive lageret og sørge for at det vert verande i bygda.

Planen er at lageret skal utvidast med 1000 kvadratmeter og avtalen vert truleg skriven under i løpet av veka.

– Tilbodet er i kroner og øre ikkje det billigaste, men vi ser på ei god totalløysing både for Wenaas AS og dei tilsette. Det å kunne halde på kompetansen er svært vikitg for å føre sentrallageret vidare. Derfor ser vi på denne løysinga som veldig god, påpeikar Jostein Strand som er administrerande direktør i Wenaas AS.

Jostein Strand

Jostein Strand er administrerande direktør i Wenaas AS. Han er sikker på at dei har funne den beste løysinga for dei tilsette.

Foto: Øyvind Sandnes