Hopp til innhold

Pallen glapp for Henrik Krogstad

Henrik Krogstad frå Langevåg enda på ein 4. plass i finalen av RX-Lites på Hell i Trøndelag i dag.

Henrik Krogstad

Henrik Krogstad køyrde inn til ein 4. plass i finalen av RX-Lites søndag.

Foto: Robert Sæther

Laurdag gjorde Krogstad fleire gode løp og kvalifiserte seg til slutt til semifinalen søndag. Der blei han nummer tre i si pulje og kvalifiserte seg dermed til finalen.

18-åringen frå Langevåg enda til slutt på ein fjerdeplass i EM-runden av RX-Lites søndag. Dermed glapp pallen akkurat.

– Dette gjekk over all forventning. Henrik krasja to gonger i løpet av dei tidlegare rundane og køyrde med ein skada bil. Så det at han køyrde inn til ein 4. plass er heilt fantastisk, seier far Torgeir Krogstad til NRK etter målgang.

Hovudpersonen sjølv skulle gjerne ha hamna på pallen, men var fornøgd med resultatet.

– Alt i alt så er eg fornøgd. I alle fall med tanke på kor uheldig eg har vore og dei krasja eg har hatt denne helga. I tillegg køyrde eg i ein ny bil som eg gjerne skulle trent meir i før løpet. Det er også langt bak til det bakarste startsporet, seier Henrik.

Men fjerdeplassen har gitt meirsmak, og neste gang vil han på pallen.

– Det var heilt rått. Det er dette eg vil halde på med, seier han engasjert.

Motorsporttalent

Krogstad har så langt hatt stor suksess innanfor motorsport. Motorsporttalentet frå Langevåg har tidlegare vunne blant anna noregsmeister i gokart og i 2014 blei han skandinavisk meister i formel 7 i asfaltracing. Krogstad var berre seks år fekk han interessa for gokart og året etter starta han med konkurransar.

Henrik Krogstad bil

Krogstad stilte i klassen RX-Lites.

Foto: Robert Sæther

Den siste tida har 18-åringen satsa meir på rallycross. I helga deltok han i sitt første Europameisterskap på Hell i Trøndelag.

Der stilte han med det som blir kalla ein RX Lites-bil.

– Det er ein bil som er fabrikkbygd for rallycross. Det er ikkje ein vanleg bil med karosseri, den har berre ei røyrramme med glasfiber rundt, sa Henrik til NRK like før helga.

Her kan du sjå Henrik i aksjon då han var i Sverige for å prøvde RX Lites-bilen for første gong.