Hopp til innhold

Advent: Svar frå luke nr. 4

Vi har kome til luke nummer 4. Og i dag skal vi sjå at vinteren skapar utfordringar for dei som skal til og frå garden som konkurransen er henta frå.

Folket på Røysland har ein skummel veg å ferdast på, spesielt vintersdag. Kva gjer husbonden for å redusere faren ovanfrå når kuldegradane set inn?

Advent luke 4. Oppgåve

Folket på Røysland har ein skummel veg å ferdast på, spesielt vintersdag. Og det ser trollsk ut dagen då Oddgeir Bruaset og medarbeidarane hans køyrde opp til garden då dei skulle gjere opptak om vinteren.

Kva gjer husbonden for å redusere faren ovanfrå når kuldegradane set inn?

Spørsmål i adventskalenderen 4. desember

Om du likar denne konkurransen, og "dele" kalenderen med venene dine på Facebook. Slik får endå fleire ta del i denne uhøgtidlege konkurransen.

Vi har trukke ut ein vinnar, sjå svaret i videoen under.

Dette er svaret på oppgåva 4. desember. Husbonden skyt ned is frå fjellet for å hindre at det skadar folk som ferdast langs vegen.

Han skaut isen ned med børsa si, slik at det skulle vere trygt å ferdast når ungane la i veg mot skule og arbeidsstad.

Rett svar på kalenderoppgåva 4. desember

Vinnaren for 4. desember er Knut Stokke frå Stranda. Vi gratulerer!

Premien er eit eksklusivt krus som er laga på garden til Per Bjørvik i Aldal. Kruset er tidlegare berre delt ut til tidlegare deltakarar i programserien.

Du kan sjå alle episodane frå alle sesongane av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i NRK.no sin Nett-TV.