NRK Meny
Normal

4 - 2 siger til Aalesund

Denis Selimovic satt punktum for kampen mot Brann med AaFK sitt fjerde mål.

AaFK spelarane jublar
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / SCANPIX

AaFK tok leiinga frå start

Aalesund hadde ballen mest i starten på første omgang og fekk løn for i det 22. minutt då Diego Silva satte ballen hardt forbi Brann-keeper Opdal. Fem minutt før pause delte dommar Øvrebø ut kampens første gule kort til Brann-spelarern Kristjan Örn Siggurdson.

1-1 til pause

På tampen av første omgang fekk Brann ein stor sjanse som Brown redda, men minuttet før dommaren bles til pause var Jonathan Parr uheldig og satte ballen i eige mål.

To kjappe

AaFK opna andre omgang med to kjappe mål. Tor Hogne Aarøy tok ballen rett etter Brann-avspark, spela den til Silva som sendte den tilbake før Aarøy satte den rett i mål. AaFK sitt tredje mål var det Amund Skiri som heada i mål frå ni meter etter corner frå Erlend Holm.

Utvisning

Midt i andre sesong sendte Brann inn Azar Karadas for El Fakiri og køyrde tre spissar opp på topp. Men berre to minutt seinere måtte Karadas tilbake som midtstoppar etter ei hard tackling av AaFK-kaptein Arneng førte til at Sigurdsson måtte gå av bana med sitt andre gule kort.

Pimpong fekk prøve seg

AaFK kom med sitt første spelarbytte etter 72 minutt. Ut gjekk Diego Silva for Razak Pimpong. Nykomaren som er på utleige frå Viking trengte ikkje mange minutta før han fekk prøve seg framfor mål, men skaut i stanga frå spiss vinkel.

Reduserte for Brann

Åtte minutt før kampen var over reduserte Robbie Winters til 3 -2 for Brann. Men på trass av utlikninga klarte ikkje Brann å halde oppe presset.

4 - 2 til AaFK

Det vart lagt til tre minutt, noko som var akkurat nok for at Denis Selimovic avslutta årets første heimekamp for AaFK med ein brakande 4 - 2 siger over Brann.

Diego Silva scorer for AaFK

Diego Silva scorer kampens første mål mot Brann.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / SCANPIX