NRK Meny

370 timar med overgrepsfilmar

Ein romsdalsmann i 40-åra er dømd til fengsel i fire månadar for ha lasta ned og distribuert store mengder pornografisk materiale der barn blir utsette for overgrep og seksualiserte, skriv rbnett.no I Romsdal tingrett vedgjekk mannen at han hadde lasta ned rundt 2.700 bilete og 1.600 filmar over ein periode på tre år. Borna som blei viste, var frå eitt-årsalderen og opp til tenåra,og overgrepa mot dei var til dels svært grove. Saka skriv seg frå 2013, og fordi det har teke så lang tid fram til dommen no ligg føre, fekk mannen straffa sterkt redusert. Manglande ressursar i politiet gjorde at saka har teke så lang tid.

Siste video/lyd

Han er vanlegvis tenor ved statsoperaen i Wien i Austerrike, men denne helga kan du sjå og høyre Bror Magnus Tødenes på heimebane. I Ulsteinvik og på Larsnes. Og med seg på scena har han ein kompis frå vidaregåande i tillegg til kjærasten som er sopran.
I går var 11-åringane ute på sjøen for å drage opp garn. Resultatet vart både flyndre, sei og lyr. No skal dei gjere opp fisken før fangsten skal seljast.
Bønder i fylket aksjonerte i dag etter brotet i jordbruksoppgjeret med blokade av varetransporten ut frå grossistanlegga til Asko på Sula og i Molde. Aksjonane gjekk utan dramatikk og varte i tre tidlege morgontimar.