NRK Meny
Normal

37 misser jobben i Ålesund

Visekonsernsjefen i Solstad Farstad kom med dårlege nyheiter til dei tilsette i dag. Berre femten personar blir igjen ved det tradisjonsrike reiarlaget sitt kontor i Ålesund. I tillegg misser sju tilsette jobben ved avdeliga i Fosnavåg.

Farstadbåter i opplag

Farstadskip i opplag. Det tradisjonsrike sunnmørsreiarlaget blei hardt råka av krisa i oljenæringa.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Sven Stakkestad framfor Farstadbåt

Sven Stakkestad er viseadministrerande direktør i Solstad Farstad.

Foto: Frode Berg / NRK

– Dette er ein dramatisk reduksjon.

Det vedgår viseadministrerande direktør Sven Stakkestad i Solstad Farstad til NRK. Han heldt allmøtet for dei vel 50 tilsette i Ålesund torsdag. Også i Fosnavåg var det allmøte i dag. Der misser 7 av 23 jobben.

– Dette er ein av kjipaste dagane eg har hatt på jobb, og eg har jobba i denne bransjen i over tretti år. Det er klart at dette ikkje er noko kjekt.

– Vi er i ein prosess med dei tillitsvalde og dei tilsette, men det er klart at resultatet er at dei kjem til å stå utan jobb, seier Stakkestad.

– For det er ikkje plass til dei i selskapet andre stader i landet?

– Vi kjem til å ha stillingar som vi ikkje har besett når vi er i mål med den nye organisasjonen, og dei kjem vi til å lyse ut i heile organisasjonen.

Stakkestad seier kutta er ein direkte konsekvens av krisa i oljenæringa.

Hardt råka av oljekrisa

Far Sun

Far Sun, eitt av dei mange offshoreskipa i Farstadflåten.

Foto: Harald M. Valderhaug

Farstad Shipping vart hardt råka av krisa i oljenæringa og trengde nye investorar då reiarlaget frå Rogaland gjekk inn på eigarsida. Kontoret var inntil i vår hovudkontor for Farstad Shipping, før det blei slått saman med Solstad-reiarlaget med hovudkontor på Karmøy.

Totalt har Solstad Farstad kutta mellom åtti og nitti stillingar globalt sidan fusjonen i vår. Han seier dette om grunnen til dei dramatiske kutta i Ålesund:

– Ålesundskontoret var eit solid hovudkontor for Farstad Shipping, no har vi berre eitt hovudkontor og ein del av kutta i stillingar er knytt til administrasjon. I tillegg må vi tenke økonomi, så vi sentraliserer ein del ting.

Vil behalde kompetanse i Ålesund

Han seier dei framleis ønskjer å behalde kontoret for å ta vare på kompetansen, særleg i det tekniske miljøet og i befraktning. Dei 15 tilsette skal drive med oppfølging på teknisk side, oppfølging av drift av båtane mot kundar og innkjøp, seier Stakkestad.

Det har vore knytt stor spenning til kor stor del av verksemda som kom til å bli igjen i Ålesund etter samanslåinga. Frå før har det vore kjent at ingen frå Farstadfamilien blir med i styret. Stakkestad håper det ikkje blir fleire kutt i Ålesund.

– Eg håper verkeleg at vi kan ta vare på miljøet som er her og den kompetansen som er her. Vi skal ikkje gløyme at dette er tilsette som har vore her lenge og som har god kunnskap om skipa.

Kritisk til leiinga

Dei tillitsvalde i Farstad Shipping reagerer på korleis leiinga har gått i media med informasjonen om oppseiingane. Dei er kritiske til at det vart gitt intervju med detaljert informasjon om moglege masseoppseiingar kort tid etter allmøtet.

– Dette er uhøyrt og ikkje i henhald til verken tradisjonen i selskapet eller å følge spelereglane ved masseoppseiingar, så lenge det pågår drøftingar med dei tillitsvalde, skriv tillitsvalde Tor Raymond Eriksen, Roald Mork og Frode Hellandsvik i ei pressemelding. Dei skriv at det er ein trist dag for dei tilsette, selskapet og heile regionen.