Hopp til innhold

37-åring dømd til eitt år i fengsel for mishandling og truslar

Ein 37 år gamal sulamann er dømd til fengsel i eitt år for mishandling og truslar. Etter å ha banka sambuaren sin med balltre, sperra han henne inne i fleire timar og trua med å ta livet av begge.

Norges Lover
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Det var i mars 2013 at sulamannen slo sambuaren sin 10–15 gongar i beina med eit balltre. Deretter drog han henne inn på soverommet, samla kleda hennar på golvet, dynka dei i tennvæske og trua med å tenne på. Først etter fleire timar fekk ho sleppe ut.

Då var ho vettskremd.

Sa seg ikkje skuldig

Sulamannen sa seg ikkje skuldig, og huska lite, då rettssaka mot han gjekk for Sunnmøre tingrett sist veke.

Dermed var det forklaringa til sambuaren retten i stor grad støtta seg til, i tillegg til bevisa.

Ho forklarte at dei to møttest i 2010 og blei sambuarar etter kort tid. I retten kom det også fram at forholdet i starten var bra, men at det etter kvart blei meir krangling.

Heldt henne innesperra i timevis

Ein dag vakna kvinna av at sambuaren sto over henne og slo henne på beina med eit balltre. Deretter blei ho dratt inn på soverommet, der sambuaren øydela telefonen hennar, stengde døra, og dynka kleda hennar med tennvæske. Mannen trua med å ta livet av begge, og sto framfor henne med ein propangassbehalder og ein lighter i hendene.

Då morgonen kom, angra han etter kvart, bad henne om å ikkje ringe politiet, og stakk. Då hadde ho vore innesperra heile natta.

Retten trur på kvinna

Retten festar lit til det ho kvinna har forklart i retten, og fann både balltre og ein knust mobiltelefon på soverommet hennar. Også ei flaske med brennbar væske blei funnen utanfor huset. I tillegg var ho svært redd då ho kom til politistasjonen for å fortelje kva som hadde skjedd.

Retten meiner at det også talar til hennar fordel at ho eigentleg ikkje hadde tenkt å melde mannen, men først gjorde det då han begynte å oppsøkje henne på nattetid.

– Må ha vore svært skremmande

Ved straffeutmålinga har retten lagt vekt på at handlingane skjedde over fleire timar og at kvinna verken kunne rømme eller tilkalle hjelp. Retten meiner det må ha vore svært skremmande å vere sperra inne og samstundes få truslar om å bli sprengt i lufta.

Det blir også vist til at mannen tidlegare er dømd for vald og truslar mot ein sambuar. Sidan mannen huskar svært lite har han ikkje bidratt vesentleg til oppklaringa.

No må han i fengsel i eitt år, tre månader av straffa er på vilkår.

Han er også dømd til å betale henne 60 000 kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL