Hopp til innhold

Har busett 35 ukrainarar på Harøya: – Vi føler oss trygge her

Ålesund kommune skal ta imot 300 ukrainske flyktningar i år. For små lokalsamfunn kan det bety ei stor auke i folketalet.

Ukrainske Anna Ivanovska saman med dottera Masha Ivanovska. Dei har blitt busett på Harøya i Ålesund kommune.

TRYGGE: Ukrainske Anna Ivanovska og Masha Ivanovska (11) føler seg trygge på Harøya i Ålesund kommune. Dei føler at dei har blitt tatt imot med opne armar av lokalbefolkninga på øya på Sunnmøre.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Her bur det mange ukrainarar. Det er kort avstand til skulen og barnehagen og vi trivst godt her, fortel Anna Ivanovska og peiker på eit bustadområdet på Harøya på Sunnmøre. I ein grå firemannsbustad har ho og dei to døtrene hennar budd sidan i fjor haust.

Harøya har i overkant av tusen innbyggarar. Sidan krigen i Ukraina starta har rundt 35 flyktningar flytta hit. Tilgang på bustadar gjorde det mogleg å busette mange raskt.

– Eg liker å bu her fordi det er trygt, spesielt for barna. Naturen er vakker og menneska er hyggelege. Vi har blitt tatt godt imot, seier Ivanovska.

Språkkafe, leksehjelp og donasjonar av klede og utstyr er noko av det lokalbefolkninga har gjort for å integrere dei som har flytta hit. Dottera til Anna, Masha (11), synest at det har vore lett å bli kjent med dei som bur der.

– Eg går på taekwondo, fotball og drill, men eg liker taekwondo best. Eg har fått mange venner og lærarar stadig meir norsk, seier ho og ler.

Ukrainske Anna Ivanovska og familien har blitt busett på Harøya i ålesund. Her sit ho framfor bustaden deira.

Anna Ivanovska og døtrene bur i ei leilegheit på Harøya. Frå den er det kort veg til både barnehagen og skulen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Må tilsette fleire

At det har blitt busett så mange flyktningar på Harøya har gjort det mogleg å opprette eit eige vaksenopplæringstilbod på øya.

– Det var avgjerande for å busette folk her. Det hadde blitt for langt om dei måtte pendle til Brattvåg eller Ålesund. I alle fall for dei som må hente barn i barnehagen, seier flyktningkonsulent på Harøya, Mona Kathrin Johannessen.

Flyktningkonsulent Mona Kathrin Johannessen på Harøya.

Flyktningkonsulent Mona Kathrin Johannessen på Harøya seier at dei ukrainske flyktningane har vore eit godt tilskot til øya.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stillinga hennar var i utgangspunktet for eit år, men har no blitt fast fordi behovet framleis er der.

Totalt i Ålesund kommune har det blitt busett vel 249 frå Ukraina sidan krigen braut ut. I år har dei bestemt seg for å ta imot totalt 300 flyktningar. Aldri før har kommunen sagt ja til å busette så mange i løpet av eitt år.

– Det er klart at det byr på utfordringar for heile kommunen og ulike verksemder, blant anna skule, barnehagar, helsestasjonar, vaksenopplæringa og Nav. I tillegg må det vere bustader til dei som kjem, seier Bernt Are Wiig, verksemdsleiar for integrering i Ålesund kommune.

Det gjer at dei mellom anna skal tilsette åtte nye flyktningkonsulentar.

– Vi må bygge opp organisasjonen vår for å ta imot så mykje folk. Og vi reknar med at det kjem til å kome fleire framover på grunn av krigen i Ukraina, seier Wiig.

35 ukrainske flyktningar har blitt busett på Harøya i Ålesund kommune. Her sit dei i eit klasserom og får vaksenopplæring.

Dei ukrainske flyktningane som har kome til Harøya får eit tilbod gjennom vaksenopplæringa. Denne dagen var det norskopplæring som stod på timeplanen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Har lyst på jobb

Dei ukrainske flyktningane som bur på Harøya fortel at dei tenker mykje på krigen i heimlandet og familie og vennar som bur der.

– Vi ser på nyheitene kvar dag. Vi kom frå ein liten by i Ukraina der det no er store skader, fortel Ania Shepotinnik.

Ho og familien kom til Harøya like før jul. Dei er førebudde på at dei ikkje kan reise heim med det første.

– Eg har byrja å lære norsk og vil gjerne halde fram med å bu her og få meg ein jobb. Eg har ein master i økonomi og hadde blitt glad om eg hadde funne ein jobb innanfor dette, seier ho.

Ukrainske Ania Shepotinnik og ektemannen har flytta til Harøya i Ålesund kommune.

Ania Shepotinnik og mannen bur på Harøya saman med dottera si. Ho skal byrje på skulen til hausten og gler seg mykje til det, fortel Ania.

Foto: Remi Sagen / NRK

Også Dmytro Lysiuk, som jobba som energiingeniør i heimlandet, håper å kome ut i arbeid etter kvart.

– Vi trivst godt her, men eg vil gjerne ha ein jobb.

Ukrainske Dmytro Lysiuk er ein av 35 flyktningar som har blitt busett på Harøya i Ålesund kommune.

Dmytro Lysiuk håper han etter kvart kan få seg ein jobb på Harøya.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mange av flyktningane som har kome frå Ukraina er høgt utdanna. Flyktningkonsulent Mona Kathrin Johannessen vedgår at det kan bli utfordrande å finne relevante jobbar til alle.

– Harøya blir ein liten plass på den måten. For dei som har kome ut i jobb til no, har vi prøvd å relatere det litt til det dei er utdanna til. Vi kan ikkje garantere at dei får jobbe med det same som i Ukraina. Men dei er takknemlege og seier at dei kan byrje ein plass og ta det derifrå.

Ho vektlegg at arbeid også er ein viktig del av integreringa.

– Det kan også vere lettare å lære språket på den måten. I tillegg trur eg det er godt for den mentale helsa å kome seg ut, seier Johannessen.

Også tobarnsmora Anna Ivanovska er håpefull.

– Eg er utdanna innanfor psykologi, så kanskje eg kan jobbe med menneske, i ein barnehage eller på skulen. Men eg blir glad for det meste, seier ho.

Anna Ivanovska frå Ukraina er busett på Harøya
Foto: Remi Sagen / NRK

Les også Ukrainske Galyna (42) var lege i hjemlandet – får ikke norsk godkjenning

Kongsgård skolesenter, Kristiansand

Les også Ukrainske Lilia flykta til norsk Instagram-venn

Lilia Yatsenko og Anna Gangstad i senga