NRK Meny
Normal

35 mistar jobben i Kristiansund

Oljeserviceselskapet Aibel i Kristiansund må nedbemanne kraftig på grunn av dårlege tider.Tillitsvalt Yngve Sjølset omtalar det heile som «ein liten tragedie for leverandørindustrien».

Tillitsvalgt i Aibel, Yngve Sjølset

Tillitsvalt Yngve Sjølset ved Aibel si avdeling i Kristiansund fryktar for framtida til bransjen etter kutta i oljeserviceselskapet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– For Noreg sin del er dette svært utfordrande, på den måten at vi får enormt mykje kvalifisert arbeidskraft som blir ledig, seier Yngve Sjølset som er tillitsvalt ved Aibel sitt kontor i Kristiansund.

Fryktar hjerneflukt

Tysdag kveld kom det fram at oljeserviceselskapet Aibel må kutte 250 stillingar på landsbasis på grunn av dårlege tider i offshore-bransjen. Sjølset, som også er fagforeiningsrepresentant i NITO, trur konsekvensane for bransjen framover kan bli svært alvorlege.

– Vi kan forvente å oppleve hjerneflukt, ikkje berre frå leverandørindustrien og bransjen, men også frå landet, seier han.

Avdelinga i Kristiansund vart skåna då selskapet sist kutta stillingar i mars, men denne gongen var dei ikkje like heldige.

– Det var sjølvsagt ikkje noko god nyheit å få. Folk har sett for seg kutta i form av at vi har hatt eit informasjonsmøte tidlegare. Det kom ikkje som eit veldig stort sjokk, men det er uansett ei trassig nyheit å få servert, seier han.

Startar prosessen no

Ifølgje dagleg leiar ved Kristiansund-kontoret, Eli Lossius Grødal, er nedbemanninga uunngåeleg på grunn av marknadssituasjonen.

– Eg trur vi må sjå i augo at 2015 blir eit vanskeleg år for oljeservicebransjen, seier ho til TK.no.

Til NRK bekreftar Grødal at leiinga no er i gong med å velje ut kven som får bli verande i selskapet.

– Vi arbeidar ut frå fem kriterium, der ansiennitet og kompetanse er dei viktigaste.