NRK Meny

34 må gå ved Doosan

34 tilsette må gå ved dumperprodusenten Doosan i Fræna. 22 har fått oppseiingar medan 12 av dei sluttar ved naturleg avgang. Den tidlegare Moxy-fabrikiken blei overtatt av koreanske Doosan for 8 år sidan, og sidan august har det vore omfattande permitteringar ved bedrifta. Doosan har ikkje makta å halde oppe salet av dumparar på same nivå som da Moxy dreiv fabrikken, seier personalsjef Svein Gustad. Etter oppseiingane er det vel 100 tilsette igjen på Doosan.