Hopp til innhold

27-åring tiltalt for seksuelle overgrep mot fleire 15-åringar

Ein 27 år gamal mann frå Nordmøre er tiltalt for seksuelle overgrep mot fleire 15 år gamle jenter. Mannen skal ha betalt dei med vodka og tusenlappar.

Romsdal tingrett

Statsadvokaten har tatt ut tiltale mor ein 27 år gamal mann frå Nordmøre om ved fleire høve skal ha forgripe seg seksuelt på mindreårige, i bytte mot pengar eller alkohol.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det er statsadvokaten som no har tatt ut tiltale mot ein 27 år gamal mann frå Nordmøre som ved fleire høve skal ha forgripe seg seksuelt på mindreårige, i bytte mot pengar eller alkohol. Det går fram av tiltalen frå Romsdal tingrett.

Ifølgje tiltalen skal mannen mellom anna ha forgripe seg mot tre 15-åringar den same ettermiddagen hausten 2013.

Skal ha betalt med vodka og tusenlappar

Det kjem fram i tiltalen at mannen ved eitt høve skal ha betalt jentene med vodka, men hovudsakleg med pengar. Summane varierer ifølgje tiltalen med alt frå 6 til 20 000 kroner. Overgrepa skal ha skjedd ulike stader, mellom anna på eit offentleg toalett i Oslo, på eitt av kjøpesentera i Ålesund og på Atlanterhavsparken.

Totalt skal han ha forgripe seg mot sju ulike jenter i tidsrommet juli til november 2013.

Skal ha blitt hindra av politiet

Av tiltalen går det også fram at mannen skal ha avtalt å møte ei av jentene han skal ha forgripe seg mot, men at han blei forhindra sidan han sat i arrest.

Tok kontakt via Facebook

Mannen er også tiltalt etter straffeloven § 201, og skal etter tiltalen ha utvist krenkande eller uanstendig åtferd ovanfor barn under 16 år.

Ved fleire høve skal mannen ha kontakta ulike jenter via Facebook for å spørje om dei kunne tenke seg å utføre seksuelle tenester i bytte mot pengar.

Dette gjeld både nokre av dei jentene han er tiltalt for seksuelt overgrep mot, og andre. Totalt skal mannen ha vore i kontakt med seks ulike jenter i tidsrommet august til september 2013.

Det er enno ikkje klart når saka kjem opp i Romsdal tingrett.