NRK Meny
Normal

27-åring sikta for grove truslar i Kristiansund

Ein 27 år gamal kristiansundsmann er varetektsfengsla i fire veker, sikta for grove truslar mot ein mann han har besøksforbod mot.

Politi illustrasjonsfoto
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Saman med fire andre skal han ha gått til angrep på mannen i Kristiansund måndag kveld.

I møtet om vidare varetektsfengsling i Nordmøre tingrett gjekk det fram at han, og fleire andre, drog mannen ut av senga og sa at han måtte skaffe pengar, viss ikkje ville han få svi.

27-åringen viste også fram ein kniv, og sa at han alltid bar våpen. Politiet ser på dette som grove truslar fordi det var trua med kniv mot ein forsvarslaus person.

27-åringen er tidlegare sikta for grovt ran mot ein mann som blei livstruande skadd, og blei mot politiet sitt ønskje sett fri frå varetekt for ein månad sidan.

No er han på nytt varetektsfengsla i fire veker. Saka mot han skal opp i februar.