Hopp til innhold

26 tilsette mistar jobben ved Farstad Shipping

I dag fekk dei tilsette ved kontoret i Ålesund den tunge beskjeden om at dei vert sagt opp.

Farstad-skip i opplag

Det er tøffe tider for Farstad Shipping. Mange har mist jobben og fleire skip ligg i opplag.

Foto: Frode Berg / NRK

Det er tøffe tider for Farstad Shipping med hovudbase i Ålesund. Selskapet går i minus og for tida ligg sju skip i opplag i Nordsjøregionen. Tilsette til sjøs har blitt permitterte eller mist jobben. I dag fekk dei tilsette ved kontoret i Ålesund beskjed om at 26 må gå.

– Det å gå til oppseiing av gode medarbeidarar, er ikkje noko kjekt. Men vi må gjere dette for å tilpasse oss marknadssituasjonen, seier Karl-Johan Bakken.

Han er konsernsjef i Farstad Shipping og brukar ordet krise for å skildre situasjonen. Det er låg aktivitet og stor konkurranse om dei jobbane som er i Nordsjøen.

Karl-Johan Bakken, administrerende direktør i Farstad Shipping

Karl-Johan Bakken er konsernsjef i Farstad Shipping.

Foto: NRK

LES OGSÅ:

Har vore gjennom storm før

Sidan 2014 har selskapet vore gjennom ein større prosess for å kutte kostnader. Blant anna har kontoret i Aberdeen blitt lagt ned. Eldre skip har blitt selde og det er venta fleire tiltak i tida framover.

– Ved å ta desse grepa riggar vi Farstad Shipping for framtida. Vi har vore gjennom stormar før, og med ei moderne flåte og ein organisasjon med høg kompetanse, skal vi sikre posisjonen vår som den leiande aktøren i vår bransje, seier Bakken.

Alt er ikkje svart

Bakken trur på lysare tider og at situasjonen vil snu. No jobbar dei med å få selskapet gjennom krisa, før oppgangen kjem.

– Naturlovene innanfor offshore og shipping er slik at marknaden er syklisk. Vi er inne i ein situasjon der oljeprisen er pressa, men det vil vere grunnlag for at kreftene snur att, seier Bakken.