NRK Meny
Normal

26-åring tiltalt for knivstikking

I september i fjor skal den 26 år gamle ålesundsmannnen ha stukke ein annan mann i ryggen med kniv. No må han møte i Sunnmøre tingrett.

Ålesund politistasjon

Sunnmøre tingrett har tiltalt 26-åringen for ei rekkje valdsepisodar.

Foto: Terje Reite / NRK

Knivstikkinga skal ha funne stad ved ei adresse i Ålesund ei fredagsnatt i slutten av september i fjor. Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett stakk 26-åringen mannen i armen og i ryggen, slik at kniven laga hol på bukhinna og påførte skadar på leveren hans.

Episoden med kniv er imidlertid ikkje det einaste ålesundaren er tiltalt for. I juli skal han ha slått ein mann fleire gongar med eit balltre og i september slo og sparka han ifølgje dommen ei kvinne.

I mai skal han ha trua med å drepe ei kvinne, stole frå ei forretning og oppbevart narkotika. Han er også tiltalt for å ha brukt narkotika.

I sommar skal han også ha blanda seg i politiet sitt arbeid då dei var ute på ordensteneste og nekta å høyre etter då dei ba han om å fjerne seg.