Hopp til innhold

Familien såg 25 sauer døy rett utanfor stovevindauget

Familien på Sunnmøre miste ein stor del av saueflokken på få timar. – Det var som å bli kasta inn i ein skrekkfilm, seier dei. No blir andre bønder åtvara.

Døde sauer

Ein stor del av saueflokken segna om og døydde på to timar. Det skjedde like utanfor huset og løa.

Foto: Hans Martin Gjedrem

Maria Dvergsdal ristar på hovudet medan ho fortel om kva dei opplevde for to veker sidan.

Sauene hadde vore fleire månader på fjellbeite, og storfamilien var samla for å hjelpe til med å få flokken heim.

Maria Dvergsdal.

Maria Dvergsdal driv gard saman med ektemannen Hans Martin Gjedrem.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Med 270 sauer samla på enga utanfor huset, sette familien seg til middagsbordet etter ein lang dag på fjellet.

Under desserten sprang barna ut for å leike. Litt seinare kom eldsteguten tilbake:

– Pappa du må kome, eg trur ein av sauene er døde.

Hans Martin Gjedrem blei med sonen ut for å sjå. Like etter kom han springande inn igjen og var tydeleg stressa.

– De må kome fort. Sauene dør, alle berre dør, ropte han.

Maria Dvergsdal og familien på tunet heime på garden i Valldal.

Maria Dvergsdal og sønene heime på tunet. Bak dei er marka der familien alltid har brukt å samle sauene etter sanking.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Synet som møtte dei utanfor var kaotisk. Fleire sauer låg livlause, og nokre av barna gret medan dei prøvde å hjelpe til med å samle dyra. Ingen skjønte kva som hadde skjedd, men dei bestemte seg for å få flokken inn i fjøsen.

To dyr datt om for føtene på Dvergsdal medan ho prøvde å leie dei på rett veg.

– Eg prøvde å få dei med, men dei berre la seg ned og slutta å puste. Det gjekk veldig fort, seier ho.

– Aldri sett noko liknande

Då dei hadde fått dyra i fjøsen skunda Dvergsdal seg for å få med barna inn å vaske hender.

– Det var veldig ekkelt. Vi ante jo ikkje kva sauene døydde av. Kunne vi ha vore borti det same? Kunne barna ha fått det i seg?

Gunnar Valdal har jobba som veterinær i området i over 40 år. Han seier han aldri har sett noko liknande.

– Det hender jo at ein mister dyr. Ein sjeldan gong har eg sett mange dyr døy, men aldri så mange, så fort, seier han.

Gunnar Valdal har vore veterinær i Valldal i over 40 år.

Gunnar Valdal starta som veterinær på indre Sunnmøre i 1979. Han seier det ei av dei mest spesielle hendingane han har opplevd i yrket.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Då Valdal kom fram til garden var 23 sauer døde. To til døydde medan han var der.

– Det var typiske symptom på brå død, men eg klarte ikkje å kome til botns i saka, seier Valdal.

Akutt forgifting

Neste dag kom veterinæren tilbake saman med Norsk Landbruksrådgivning. Rådgjevar Gunnhild Overvoll omtalar jobben som eit detektivarbeid.

– Det er ei forferdeleg alvorleg sak, seier Overvoll.

Dei undersøkte traktoren for lekkasjar, innhaldet i magane på sauene og tok prøver av indre organ. At sauene døde så fort, peikte mot ei akutt forgifting.

Etter å ha utelukka mange moglege årsaker kjem veterinæren fram til at symptoma stemmer med Nitritt-forgifting.

Bonden hadde pressa rundballar på marka to dagar før. Då brukte han middelet Xtrasil som inneheld Nitritt.

Bonden og barna hadde sett at sauene slikka og grov i jorda der rundballane hadde lege.

Stoffet smakar salt. Det er truleg det sauene har vore ute etter då dei slikka i jorda, seier Valdal.

Groper etter der sauene har slikka.

Dei stadane sauene grov og sleika hadde det lege rundballar to dagar før. Fleire stadar var det to parallelle groper. Ifølgje Landbruk Nordvest stemmer plasseringa av gropene med kvar dysene, som spreier ensileringsmiddel, står på rundballepressa.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Overvoll forklarer at det er opplyst på etiketten til slike middel at rundballane ikkje skal brukast før det har gått minst fire veker. Men at dyr kan få i seg dødelege mengder av stoffet frå marka har dei aldri høyrt om før.

I etterkant har dei sendt ut ein åtvaring til alle grasprodusentar i distriktet.

Landbruk Nordvest rår no bønder til å ikkje sleppe dyr inn på mark der slike ensileringsmiddel nyleg er brukt.

– Det er berre flaks at det vart oppdaga. Hadde ikkje barna vore ute å leika ville nok mange fleire ha døydd, seier veterinæren.

Maria Dvergsdal helsar på ein av vêrane på garden.

– Det var som å bli kasta inn i ein skrekkfilm, seier Dvergsdal om det som skjedde på garden for om lag to veker sidan.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Tok det tungt

For tobarnsmor Maria Dvergsdal var det verste med hendinga at barna tok det så tungt. Fleire av favorittsauane til sonen døydde. Den komande natta sov gutane uroleg og prata i søvne.

– «Nei, sauene dør» ropte dei i søvne, seier Dvergsdal.

No har dei fått låne beite med naboar. Der får sauene gå desse vekene då dei eigentleg skulle vere heime. I mellomtida undersøker bøndene om dei kan få kjøpt sauer til å erstatte nokre av dyra dei mista.

– Det er et stort tap å miste 23 vaksne sauer og 2 lam. Livdyra vil vere vanskeleg å erstatte, seier Dvergsdal.

Maria Dvergsdal og sonen.

Maria Dvergsdal og sonen saman med vêrane på garden. Ein av vêrane har vore flaskelam. Dei dyra har borna namn på, og passar litt ekstra på dei.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL