Hopp til innhold

Advent: Sjå svaret på konkurransen frå julaftan

God jul. Vi har kome til den siste luka i kalenderen. I dag skal vi til ein gard ved Storfjorden på Sunnmøre.

24. desember

Severin Rønes var 25 år då Oddgeir Bruaset og medarbeidarane hans vitja han i 2009. Rønes sa den gongen at han var som ungdommar flest. Men det spesielle var at han hadde slått seg ned på ein veglaus, avfolka gard ved fjorden i Sykkylven.

Der lever han som einebuar, sauebonde og veidemann. Han jaktar hjort og rev og fangar mår og røyskatt.

I programmet om Severin Rønes såg vi han pynte juletreet sitt, og han fortalde at han skulle få foreldra på besøk. Dei skulle ete pinnekjøt og pakke ut gåvene i lag. Oppgåvar i dag handlar om korleis resten av julekvelden skulle feirast.

Korleis skulle Severing Rønes feire resten av julekvelden?

Advent: Oppgåvar i luke nr. 24

Vi har trekt ut ein vinnar. Vinnaren er: Bjørn Vollstad frå Førde.

I denne videoen får du sjå kva som var det rette svaret på konkurransen.

24. desember

Han skulle ha vakt ved ei fiskemærde i fjorden.

Slik svarte Bjørn Vollstad

Dermed er konkurransane i adventskalenderen over. Takk til alle som deltok.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL