NRK Meny
Normal

Blåsarar køyrer 24 timar i buss for å hjelpe Hødd i opprykksstriden

23 "blåsarar" køyrer 12 timar kvar veg i buss for å sjå favorittlaget. I ettermiddag kan Hødd vere eitt steg nærare opprykk til Eliteserien.

Blåsarane på Høddvoll

Ein del av supporterklubben Blåsarane har teke turen til Jæren og kamp mot Bryne. Her på Høddvoll ved eit tidlegare høve.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Blåsarane på Bryne

Blåsarane, framme på Bryne.

Foto: Privat

– Stemninga er stigande, seier leiar for Blåsarane, Guttorm Remøy Vartdal. Han er ein av dei 23 som har bestemt seg for å bruke store delar av helga i buss.

Med seg på lasset har han i overkant av 20 Høddsupportarar, klare for å hjelpe favorittlaget til siger mot Bryne.

– Det vart planlagt litt i siste liten, så eg er veldig godt fornøgd med at me er så mange, seier Vartdal.

Køyrde gjennom natta

– I tillegg er det nokre som bur i området som kjem på kamp, så me reknar med å vere mellom 30 og 40 på tribuna, seier Vartdal til NRK laurdag formiddag.

Bussturen starta før midnatt fredag kveld, og laurdag i 12-tida var dei framme på Jæren. Klokka 15.30 stiller Bryne og Hødd opp på kvar sin banehalvdel for å kjempe om tre poeng.

Håper på tre poeng

– Eg forventar ein tøff batalje, seier Vartdal, vel vitande om at statistikken mot Bryne ikkje er den beste.

– Me tapte dessverre mot dei heime tidlegare i år.

– Er det realistisk å ta tre poeng i dag?

– Ja, det meiner eg. Men det blir ein tøff kamp, og dei må kjempe for å få med seg alle tre poenga, seier Vartdal.

I førre runde spelte Hødd uavgjort mot Kristiansund heime på Høddvoll. Med det resultatet meinte trenar Lars Arne Nilsen at det direkte opprykket kanskje glapp , men håpte framleis på eit opprykk.

Er med for å hjelpe

Hødd ligg framleis i ein posisjon der dei kan sikre opprykk til Eliteserien. Med siger i dag lever framleis håpet om å nå direkte opprykk. I tillegg er den med på å auke sjansane for kvalifiseringsplass i opprykksstriden.

– No skal me møte heimesupportarane i B-gjengen for å varme opp til kampen, seier Vartdal.

Like etter kampen startar returen til Sunnmøre. 12 timar i buss kan bli vesentleg lettare med tre poeng.

– Eg håper at gutta er klare, og får med seg tre poeng heim. Det er difor me er her, for å hjelpe til, seier supportarleiaren.