23 sjåførar mista lappen

Mange bilistar respekterar ikkje 60-sona forbi Verma i Rauma på veg inn og ut av fylket. 23 førarar mista førarkortet under fartskontroll i kveld, og 55 fekk forenkla førelegg. Den høgste farta som blei målt var 96 km/t.