23 loggførte oppdrag

Politiet i Møre og Romsdal melder om 23 oppdrag i natt i samband med bråk og uro. Fleire stader i fylket har det vore høglydte festar. Politiet har stansa russar på fest fleire stader. I Molde var over 100 ungdommar samla seint i går kveld, fleire av dei mindreårige og rusa.